Samefolkets dag: Talet på samiske elevar er det høgaste på over 10 år

Gode nyheiter på Samefolkets dag! Talet på elevar med samisk som opplæringsspråk aukar.

No 878 elevar med samisk som opplæringsspråk. Det er 4 fleire enn i fjor, og det høgaste på over 10 år. Det viser tal frå Utdanningsdirektoratet. 

Å ha samisk som opplæringsspråk betyr at undervisinga i alle fag er på samisk.

Også talet på elevar med sørsamisk som 1.,2. og 3. språk, har auka 5 elevar. No er talet på desse elevane 106, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

I fjor var det rekordmange elevar med nordsamisk som 1., 2. eller 3. språk. Dette skuleåret har talet gått litt ned for nordsamisk.

– Meir populært å ta tilbake det samiske

Også førre skuleår var det ei stor auke på samiske elevar. Framtida.no snakka med dei to 10. klassingane Aile Maria Martinez Hætta og Mia Kristine Nystad Eskonsipo, som meinte at grunnen til populariteten var samiske artistar og andre forbilder.

– Det har blitt meir populært å ta tilbake det samiske. Samisk har òg blitt meir kjent, sa Aile Maria Martinez Hætta (15) til Framtida.no.

Saker som er perfekt lesnad i dag

  • 6. februar er samefolkets dag, eller samanes nasjonaldag. Men veit du eigentleg kvifor me feirar samefolkets dag? Her får du all den informasjonen du treng.
  • Iris Storelv-Rabone elskar å halda på med kunst. Talentet hennar har ført til eiga utstilling og fleire bestillingar. Her kan du lesa meir om ho.
  • Som yngste representant på Sametinget, vil Maren Benedicte Storslett (25) jobba for at Sametinget blir meir kjent for dei unge, og for å setja samisk språk og psykisk helse på dagsordenen. Les meir her. 
  • Neda Margrethe (13) pratar nordsamisk i julefilm på Netflix. Les meir her. 
  • Ina-Theres (25) driv med rein: – Nyfødde kalvar er det desidert finaste. Les meir her.
  • Lávre Johan (20) er musikar. Les meir her. 
  • Mia (17) driv med reinsdrift og skodespel. Les meir her. 
  • Elin Kristina (23) er stemma til Anna i Frost. Les meir her.

Kvissar

Mat