Kvifor ville du laga bøker om nettopp desse dyra?
– Det er mange dyr på lista mi som eg gjerne vil laga faktabøker om. Dovendyr har vore favorittdyret mitt leeeenge. Verdas søtaste smil! Det er også grunnen til at Dagfinn i boka «Litt for snill» er eit dovendyr.

– Kven kan ikkje bli fascinert av dei supersmarte blekksprutane! Eg tenkte at dette var eit dyr som andre også kanskje syntest var like gøy som meg.
– At det vart edderkopp, er nok litt fordi eg var superredd for dei som liten. Men også fordi det er så veldig mange ulike artar som kan ulike ting.
Kva var det som fekk deg til å bli forfattar og illustratør i utgangspunktet?
– Det var ein kveld eg las ei Bø og Bæ-bok for eldste sonen min (som då var to år), at det slo meg at det jo er nokon som må laga desse bøkene.
– Sidan eg dreiv med litt teikning, tenkte eg at det å laga ei barnebok hadde vore innmari gøy! Tenk om eg kunne laga ei bok som andre kunne ligga på senga og lese saman med barnet sitt og ha ei koseleg lesestund.

– Det tok cirka seks år før eg hadde eit manus og nokre illustrasjonar som eg våga å sende inn til eit forlag, så det tok litt tid.
Hugsar du den første boka du blei skikkeleg glad i som barn?
– Det må vera historia om Pablo – pingvinen som ikkje likte å fryse. Det var så gøy at han ikkje var som dei andre pingvinane og berre stakk av garde. Eg såg boka for ikkje så lenge sidan i ein bokhandel – dei hadde laga nye illustrasjonar. Men eg likte best dei gamle teikningane.
Korleis jobbar du når du lagar ei ny bok – frå idé til ferdig bok?
– I idéfasen på ei biletbok drodlar eg stort sett i veg med nokre illustrasjonar først. Plutseleg kan det dukka opp ein karakter som eg blir nysgjerrig på, og som eg vil at skal oppleva eller lære noko. Når eg har funne ut sånn ca. kva karakteren trur han treng – men som jo ikkje er det han eigentleg treng – bruker eg 16 eller 20 post-it-lappar og skriv kort kva som skal skje på kvar side. Slik finn eg ut om historia passar inn i bokformatet og at eg har ein start, midt og slutt. Etterpå skriv eg alt inn på data og lagar eit mykje lengre manus enn det som endar i boka.
– Så går eg gjennom og ser kva eg kan vise med illustrasjonar i staden for tekst. Deretter jobbar eg gjennom manuset mange gonger, strammar det og sender det til redaktøren min saman med skisser.

– Då finn vi ut om forlaget vil jobba vidare med boka. Om dei seier ja, er det framleis mange rundar igjen før eg lagar dei endelege illustrasjonane og set tekst og bilete saman.
Mange synest edderkoppar er litt skumle. Trur du at boka kan gjera dei mindre redde?
– Det kan eg godt forstå. Eg fekk ein del frysningar då eg sat og samla fakta og såg på bilete av edderkoppar. Men hoppeedderkoppen – han er søt!
– Eg har teikna edderkoppane mine litt hyggelegare enn dei ser ut i verkelegheita, så eg håpar at dei som er litt redde, vågar å opne boka og kanskje blir litt imponerte over edderkoppar også.
Kva er det mest overraskande eller kule du lærte om edderkoppar?
– Det må vera at nokre edderkoppar fangar eldfluger og bruker dei til å fange fleire! Edderkoppen får eldfluga til å sende ut lyssignal som liknar på dei som hoene lagar, og då kjem hannane flygande. Altså – smart, eller?
Kva er det mest imponerande du lærte om dovendyr?
– At dovendyr føder oppe i treet, og at babyen kan henge etter éin arm rett etter at han er fødd!

Kva er det mest spennande du har funne ut om blekksprutar?
– Dette er kanskje ikkje så spennande, men litt rart: Dei næraste slektningane til blekkspruten er blåskjel og sniglar! Og eg har enno ikkje sett eit blåskjel eller ein snigel opne eit syltetøyglas eller kome seg gjennom ein labyrint med hindringar. Det klarer ein blekksprut lett.
Kjem teksten først, eller teikningane?
– I biletbøker er det ofte karakteren som kjem først. Eg teiknar gjerne ein karakter i ein situasjon og må finne ut korleis han hamna der. I faktabøker kjem teksten først, men eg tenkjer heile tida på korleis eg kan illustrera det. Eg vil at teikningane skal seia litt meir enn berre det som står i teksten.

Kvar jobbar du best – ved pulten, i sofaen, på kafé, eller ein heilt annan stad?
– Når eg skriv, likar eg best å sitja åleine på kontoret mitt og ha det heilt stille. Når eg teiknar, kan eg sitja kvar som helst – gjerne med lydbok eller podkast på øyra. Då har eg med teiknebrettet mitt overalt.
Kva slags dyr har du aller mest lyst til å skrive bok om neste gong?
– Det er mange dyr eg vil skrive faktabok om, men om eg må velja eitt, må det bli manet.
Visste du at det finst ei manet som kan gjera seg yngre igjen om ho blir skadd eller gammal? Ho kan faktisk leva evig!



















