Vann skrivekonkurranse med sine gode råd for å redda romvesen

– Eg gler meg til å jobbe vidare med serien og trur lydserie passar bra til historia eg vil fortelje, som er full av action, humor, robothundar og romvesen.

Lydserie
  • Ein lydserie er ei samanhengande forteljing utgjeven i fleire episodar.
  • Lydseriar har ofte fleire stemmer som les, musikk og lydeffektar.
  • Lydseriar kan gjerne bli bok i etterkant, men dei treng ikkje bli det.
LES FAKTALUKK FAKTA

Det seier den glade vinnaren av Samlaget og Fabel sin skrivekonkurranse, forfattar Thoralf Fagertun. Konkurransen gjekk ut på å laga ein lydserie for barn. Det var både nytt og spanande, fortel Fagertun.

– Eg måtte tenka meir munnleg språk når eg skreiv.

Forteljinga om Theo, som blir kidnappa av romfararar er fordelt på fem delar.

Første del kom ut 30. oktober, og er ifølgje forlaget spekka av action, humor, glupske romvesen og bedøvingspistolar.

Lydserien passar for barn frå 9 til 12 år.

Les også om denne lydserien for barn: Desse katastrofane har Anders Totland opplevd på ekte

Og les denne bokmeldinga: Oppdrag romvesen. Den nye naboen