Vilma Martine er veldig glad i mysterium.
– Eg synest det er gøy, mystisk og spennande, seier ho.
Ho likar særleg å leita etter spor. Eit mysterium ho sjølv har prøvd å løysa, starta då sykkellåsen til ein venn blei borte på skulen.
Vilma Martine og dei andre leita rundt syklane og på stadene der vennen hadde vore. Dei prøvde også å sjå bak syklane som stod i nærleiken. Men låsen var ikkje å finna, og til slutt måtte vennen kjøpa ein ny.
Likar Detektivbyrå nr. 2
Vilma Martine likar godt bøkene om Detektivbyrå nr. 2, skrivne av Jørn Lier Horst. I bøkene prøver Tiril og Oliver å løysa ulike mysterium.
Ei av bøkene ho har lese, handlar om syklar som blir stolne. Det synest ho var ekstra spennande, fordi sykkeltjuveri er noko som kan skje i røynda.
– Det skjer jo ofte at syklar blir borte, fortel ho.
Vilma Martine synest ei nemleg at ei god mysteriebok bør handla om noko som faktisk kan skje. Ho likar også når dyr er ein del av mysteriet – særleg dersom det er snakk om farlege dyr som giftige slangar, skorpionar og edderkoppar.
Telefonen låg på ein merkeleg stad
Ein annan gong fekk Vilma Martine bruk for detektivferdigheitene sine då mora hennar hadde mista telefonen.
Dei leita over heile huset. Først leita dei nede, så på rommet til Vilma Martine og til slutt på rommet til mora. Til slutt dukka telefonen opp på ein svært uventa stad: inni eit klesplagg på ei hylle i stova!
Ingen visste heilt korleis han hadde hamna der. Vilma Martine har likevel ein teori. Kanskje mora heldt telefonen i handa samtidig som ho bar klede, og så fall han ned mellom dei?
– Vaksne gjer jo veldig ofte mange ting samtidig, seier Vilma Martine.
Fangar tjuvar i draumane
Vilma Martine drøymer også om mysterium. Fleire gonger har ho drøymt at tjuvar har brote seg inn for å stela gull. Då er det ho som må stoppa dei. I draumen legg ho ut mange, mange musefeller som fangar tjuvane. Etterpå ringjer ho politiet, som kjem og tek dei med seg. Nokre gonger slepp tjuvane unna, men i den neste draumen klarer ho alltid å fanga dei.
Dersom Vilma Martine skulle ha skrive si eiga mysteriebok, veit ho allereie kva ho ville ha skrive om:
– Alle bøkene som forsvann!
Ho har også ein idé til ei ny bok om Detektivbyrå nr. 2. I boka forsvinn hundar medan dei er ute på tur med eigarane sine. Ein hund går rundt eit hjørne – og plutseleg er han søkk borte.
Vilma Martine kunne gjerne tenkt seg å laga boka saman med Jørn Lier Horst.
– Eg ville spurt om han om me to kunne laga ei bok saman, seier ho.
Og kanskje skriv ho si heilt eiga bok ein dag.
– Ja, kanskje det!



















