Svar frå ein chatbot ser ofte bra ut. Men les du nøye, kan du finna feil, eller oppdaga at du ikkje fekk noko skikkeleg svar. No snakkar forskarar om KI-utbrentheit, skriv Forskning.no.
I ein ny kinesisk studie av 480 personar som brukar KI kvar dag på jobb, kjende om lag halvparten seg utslitne. Dei måtte heile tida sjekka fakta eller skriva om spørsmåla sine.
– KI-svar kan nokre gonger kjennast som å ha ein svært lite konkret filosof til bords. Det blir brukt veldig store ord, og det høyrest verkeleg overtydande ut. Men konkrete svar må ein leita lenge etter, seier Søren Hauberg til Videnskab.dk som fyrst omtala saka. Han er professor ved Danmarks Tekniske Universitet.
Kan bli ei sperre
KI-verktøya endrar seg også heile tida, og det kan gje ei kjensle av å henga etter.
– Det er ei kjensle av at ein heile tida må følgja med, for elles fell ein av lasset, og teknologien kjem og tek ein. Mange går rundt med den frykta, seier Hauberg.
Han ser at nokre studentar får skrivesperre, fordi teksten frå KI verkar så god.
– Det blir som å sitja fast i kvikksand i staden for å få ein kickstart på kreativiteten.
Hauberg er ikkje imot chatbotar, men meiner ein må seia ifrå når dei gjer ein stressa.
– Så mitt beste råd er å ta vare på seg sjølv.






















