Elin Kristina (23) er stemma til Anna: – Det er ein meir krevjande jobb enn folk trur

Elin Kristina Oskal (23) våga ikkje melde seg på audition og Vegard Pope Bjørsmo (18) takka nei på grunn av fråværsgrensa. Dei har rollene som Anna og Kristoff i den samiske versjonen av Frost 2.

– Eg måtte følgje med på augo hennar, augnebryna, uttrykka og alt. Og det må gjerast ganske fort. Det er ein meir krevjande jobb enn folk trur, seier Elin Kristina Oskal på telefon til Framtida.no.

Endeleg kan 23-åringen frå Saltdal i Nordland avsløra at det er ho som har stemma til karakteren Anna i den nordsamiske versjonen av Frost 2, som har tittelen Jikŋon 2.

Vart invitert på audition

– Eg hadde sett på internett at dei prøvde å få folk til å koma på audition og eg hadde veldig, veldig lyst, men eg turte ikkje, fordi eg er ganske forsiktig av natur, fortel Elin Kristina Oskal.

Før ho var 19 år var det ingen som i det heile teke visste at ho kunne synge, fordi ho ikkje våga å vise fram den sida av seg. Men då ho fekk ein telefon om ho kunne tenkja seg å koma på audition, var det ikkje vanskeleg å takka ja.

– Så stod eg i studio med to skjermar framfor meg, ein med tekst og ein med filmen, samstundes som eg hadde eit headset der dei snakka engelsk. Det var ei multitasking utan like, minnast 23-åringen.

Då dei halvanna veke seinare ringte opp og sa «gratulerer» slo ho handa for munnen og spurte om det var sant.

Mysisk telefonsamtale

Vegard Pope Bjørsmo har stemma til Kristoff.

– Sjølv om språket var eit anna, føltest det som om det alltid hadde vore på det språket, seier skodespelaren om det han har sett – og høyrt, seier han.

– Frost kler samisk, det kan ein seie.

18-åringen frå Karasjok trudde eigentleg han hadde gått glipp av sin store sjanse då han på slutten av tredjeklasse på vidaregåande takka nei til ein «mystisk» telefonsamtale der han vart invitert til ein workshop med dubbing i Oslo.

Det var på slutten av året og Bjørsmo hadde brukt opp det udokumenterte fråværet sitt, så då han seinare fekk nyss i at det var Disney som stod bak førespurnaden tenkte han at sjansen gjekk forbi.

Heldigvis tok dei kontakt igjen og denne gongen takka han ja. Han sat på bussen i sin nye heimby Oslo då denne meldinga tikka inn på mobilen:

«Hei Vegard. Du blei godkjent som Kristoff i den samiske versjonen av Frost 2», stod det i gratulasjonsmeldinga.