Forskarar har undersøkt 323 dinosaurslekter. Dei talde kor mange som las om kvar av dei på Wikipedia frå 2015 til 2025, skriv Ung.Forskning.no
Store dinosaurar og kjøtetarar var mest populære. Planteetarar fekk mindre merksemd. Dinosaurar som vart funne for lenge sidan, var òg betre kjende.
Men det som betydde aller mest, var om dinosauren har vore med i Jurassic Park-filmane.
– Viss du er ein stor dinosaur eller eit rovdyr på toppen av næringskjeda, men ikkje er med i Jurassic Park, er du kanskje ikkje så kjend likevel, seier forskar Pâmela Lima til Science.
Film gav større interesse
Tyrannosaurus rex får rundt 5000 klikk om dagen. Velociraptor, som er mykje med i filmane, får rundt 4000. Deinonychus, som var førebiletet for velociraptorane i filmane, får berre rundt 1000.
Tyrannosaurus, Triceratops og Stegosaurus var likevel kjende lenge før filmane. Filmane gjorde interessa endå større.
Forskarane meiner interessa for dinosaurar kan brukast til å hjelpa dyr som er truga i dag.
– Viss me klarar å halda liv i ein sterk, felles fascinasjon for dyr som døydde ut for 66 millionar år sidan, ligg det eit enormt uutnytta potensial i å bruka det same engasjementet til å redda artane me framleis deler planeten med, skriv forskarane i studien.






















