Kristian (8) og Tiril (9): – Dritgøy med cross

Kristian Tislevoll og Tiril Huse Olsen har køyrt cross sidan dei var fem år. I helga konkurrerte dei med andre cross-køyrarar frå heile Vestlandet.

Vestcup MX 2024 samlar over hundre unge crosskøyrarar frå heile Vestlandet. I helga var det 131 påmelde førarar på Stord.

– Det var dritgøy! seier Kristian Tislevoll frå Fitjar, og Tiril Huse Olsen frå Stord er heilt einig.

Kristian kom på ein andreplass. Målet hans er å bli verdsmeister.

Fart og spenning

Det går fort av garde på banen i Hustredalen. Derfor er det viktig med hjelm og verneutstyr.

– Eg har fått to hjerneristingar. Men det er ikkje skummelt, seier Kristian.

Aldersgrensa for å byrja er fem år. Og dess eldre du er, så kan du ha kraftigare motor på sykkelen.

KLAR, FERDIG, GÅ: Det bråkar mykje på startstreken før klarsignalet. Foto: Svein Olav B. Langåker

Gode vener

Tiril og Kristian har blitt gode vener gjennom cross-køyringa.

– Det er kjekt og veldig sosialt, seier dei.

FLEIRE JENTER: Tiril Husen Olsen (9 1/2 ) og Martine Nilsen (9) vil gjerne ha med seg fleire jenter på cross. – Det er kjekkare enn handball, seier Tiril. Foto: Svein Olav B. Langåker

Tre gode tips til å bli gode i cross

Dei unge cross-køyrarane har fleire tips til korleis ein blir god:

  • Trena masse
  • Gå på treningssamling
  • Læra masse og høyra etter