– Sjå kva eg klarte! jublar Nigina Emamoddin (10).
Ho og Marthea Folkestad Nicholls (9) har klart å koda ein databrikke med led-lys til å blinka «Hei» – og namna deira.
– Det er veldig kjekt å vera her, seier dei i kor.
– Det er gøy og vanskeleg. Me må konsentrera oss, seier Nigina.
Frå slim til video
På biblioteket på Stord har 5. klasse-jenter frå Litlabø skule og Sagvåg skule fått vera med på ei rad stasjonar. Her har dei fått prøva seg forskjellige problemsløysingsoppgåver med ipadar, koding, laga video – og slim.
– Det var veldig kjekt å få vera med på å laga slim, og iPad-ane var også morosame, fortel Nigina Emamoddin.
Ho fortel at ho er interessert i data.
– Eg elskar å hjelpa folk, så eg har lyst til å læra meir om data, slik at eg kan hjelpa andre.
Når Nigina blir vaksen har ho lyst til å bli lege. Marthea har lyst til å bli frisør.
Utan gutar
I haust er det 1500 jenter 15 stader i Noreg som har fått vera med på Girl Tech Fest. Gutane i klassen har vanleg undervising.
– Eg trur nok gutane er litt misunnelege på oss, seier Nigina.
Jentene er einige i at det er kjekt at jentene er for seg sjølv av og til.
Jenter blir mindre oppmuntra til å velja teknologifag
Framleis er det sånn at fleire gutar enn jenter veljer utdanning innan teknologi.
Forskarar ved Vestlandsforsking har funne ut at jenter i mindre grad enn gutar blir oppmuntra til å velja teknologifag. Dei meiner derfor det er behov for fleire tiltak som kan få jenter til å velja teknologifag – som for eksempel Girl Tech Fest.