Neda Margrethe (13) pratar nordsamisk i julefilm på Netflix

Netflix har lansert den internasjonale julefilmen Klaus. Der dukkar karakteren Margu opp – og ho snakkar nordsamisk!

Det er Neda Margrethe Labba (13) frå Tromsø som skal gje stemme til karakteren Margu, som er ei lita samisk jente. 13-åringen står på rollelista saman med Hollywood-stjerner som Jason Schwartzman, Rashida Jones og Oscar-vinnar J.K. Simmons.

Sjølv om filmen skal dubbast til fleire språk, vil karakteren Margu snakke nordsamisk i alle variantane, ifølgje Sameradioen og SVT Sápmi.

Her er trailer av julefilmen Klaus

Postmann nord for polarsirkelen

Klaus handlar om postmann-studenten Jesper. Han gjer dårleg figur i utdanninga, og vert stasjonert på ei forfrose øy nord for polarsirkelen, der bebuarane verken sender brev eller pratar saman.

Jesper er i ferd med å miste motet før han møter læraren Alva og oppdagar Klaus, ein mystisk snikkar med hytta full av handlaga leikar. Det vert starten på ein ny arv med sjenerøse naboar, magi og strømper som heng framfor peisen.

Klaus er Netflix sin første animerte originalfilm og hadde premiere 15. november.

– Fengsla av den samiske kulturen

Handlinga er sett til den oppdikta plassen Smeerensburg nord i Skandinavia, men for den spanske regissøren Sergio Pablos var det viktig at filmen var basert på røynda:

– Når han reiste til Noreg for å byrje å gjere research vart han fengsla av den samiske kulturen og ville at den skulle gjevast plass i filmen, skriv Netflix i ein e-post til Sameradion & SVT Sápmi.

Netflix skriv vidare at regissøren var på besøk til Noreg i 2018. Då fekk Pablos hjelp av ein samisk koordinator til å kome i kontakt med andre samar og få ei ordentleg forståing for den samiske kulturen.