Akkurat no har kakerlakkane fått ein eplebit å kose seg med. Casper Elias opnar opp boksen dei bur i og plukkar opp eitt av dei store insekta.
– Er han ikkje søt? spør Casper Elias.
Det er ikkje sikkert alle er einige, men for niåringen er insekt og krypdyr noko av det finaste som finst.
Ein ålande venn
Ein av dei faste bebuarane på rommet til Casper Elias er kongepytonen Cookie. Ho er fem år gammal, og Casper Elias har hatt ho i snart to år.
– Det er gøy å ha ein slange som kjæledyr. Eg veit ikkje kvifor – det berre er det.
Cookie er rett nok ikkje den einaste slangen i familien. Storebroren og veslesøstera til Casper Elias har også kvar sin kongepyton, men begge dei to er babyar.
Casper Elias likar godt å ta Cookie ut av terrariet og la ho åle seg rundt på kroppen hans.

Slangeeigaren fortel at ein av måtane han kan vite om Cookie har det bra på, er å følgje med på om ho et som ho skal.
– Dersom ho ikkje et, er det eit teikn på at ho ikkje er heilt frisk. Ho et rotter. Dei må vi kjøpe på dyrebutikken, fortel Casper Elias.
Cookie får ei rotte omtrent kvar tiande dag. Ho treng også vatn og rett temperatur i terrariet for å ha det bra. På den eine sida skal det vere rundt 26 grader, medan det på den andre sida skal vere rundt 32 grader.
Cookie må få mat, drikke og rett temperatur, og buret hennar må reinsast for tiss, bæsj og slangeskinn.
– Ho skiftar skinn omtrent kvar femte veke, fortel Casper Elias.

Hoppande edderkopp
Det er ikkje berre slangen Cookie som er ein vitig del av livet til Casper Elias. På rommet hans bur også hoppedderkoppen Siri. Ho fekk han i bursdagsgåve for omtrent eitt år sidan.
– Siri likar seg best inne i spindelvevet sitt. Det er fullt av spindelvev overalt inne i terrariet hennar, fortel Casper Elias.

Sjølv om det ikkje er så ofte Casper Elias tek ho ut av buret, er ikkje Siri berre til pynt. Ho hjelper også til med å halde rommet fritt for insekt.
– Ho gjer at det ikkje lenger er bananfluger inne på rommet mitt, sidan ho fangar dei og et dei opp.
9-åringen fortel at Siri berre likar å ete levande insekt som ho kan hoppe på og fange. Favoritten hennar er mjølormar som Casper Elias har kjempemange av i ein boks – også på rommet sitt.
Siri treng også vatn, men ho kan ikkje ha noko vasskål i terrariet sitt.
– Då kan ho drukne. Vi må i staden spraye nedi vatn, så drikk ho av dei små dropane på veggane i terrariet.

Noko av det kulaste Siri gjer, er å hoppe, ifølgje Casper Elias. Ein gong han hadde ho ute av buret, hoppa ho ned på golvet og blei borte.
– Vi fann ho heldigvis igjen under skrivepulten min til slutt.
Frå gekkomat til kjæledyr
Men det er ikkje nok med ein slange og ein edderkopp for Casper Elias. Han har også kakerlakkane sine.
Dei skulle eigentleg vere maten til storebroren sin gekko, men nokre av dei blei for store. Då tok Casper Elias imot dei med opne armar.

No bur dei også på rommet hans, i ein boks med eit handkle over.
– Dei likar å ha det heilt mørkt. Dei er nattdyr.
Når det gjeld mat, kan Casper Elias fortelje at kakerlakkane ikkje er spesielt kresne. Dei kan ete alt frå vanleg mat og plantar til søppel av ulikt slag.
– Det kilar. Men om dei står for lenge på ein stad, begynner det å stikke litt, fortel Casper Elias medan han held ein kakerlakk på handa.
Kakerlakkane har nemleg små piggar på føtene, som gjer dei til svært gode klatrarar – dei kan kome seg fram nesten kvar som helst.

Dei beste han veit
For Casper Elias er det heilt naturleg å ha så mange krypdyr rundt seg. Han er glad i å lære om dei og stelle med dei.
Han får rett nok litt hjelp med stell frå mora si med slangen Cookie. Når det gjeld edderkoppen Siri, må Casper Elias ordne det meste sjølv. Mora hans er nemleg redd edderkoppar.
Ikkje alle i familien er like glade i slangar heller. Oldemora hans er livredd for Cookie.
– Ho kjem på besøk likevel, men ikkje inn på rommet mitt.
Sjølv har Casper Elias ingen planar om å byte ut kjæledyra sine. For han er dei det kulaste han veit.






















