Derfor feirar me samefolkets dag

6. februar er samefolkets dag, eller samanes nasjonaldag. Men veit du eigentleg kvifor me feirar samefolkets dag?

Dagen er ei felles feiring for samar i Finland, Noreg, Russland og Sverige – og har vore feira sidan 1993.

Samane har sin eigen nasjonalsong, som heiter «Sámi soga lávlla».

Den kan du høyra her: 

Kvifor vert dagen feira?

Elsa Laula Renberg vert rekna som ein av grunnleggjarane av samanes nasjonaldag. Ho stifta den aller første sameforeininga, og samla folk til det historiske samemøtet som fann stad i Trondheim 6. februar 1917.

Møtet markerte starten på samarbeidet om å styrka rettane til urfolket i Noreg, og det er mykje takka vera ho at me no feirar samanes nasjonaldag, skriv NRK.

Korleis vert dagen feira?

Akkurat som Noregs nasjonaldag er også samanes nasjonaldag rekna som borna sin dag.

I barnehagar og på skular blir dagen markert med song og mat. Som regel er det reinkjøt på menyen.

Nokre kler seg opp i nasjonaldrakta – samekofta. Andre brukar ei lettare kvardagskofte eller samiskinspirerte klede.

Samedrakta til Kautokeino.
Foto: Berit Roald / NTB

Kva betyr det samiske flagget?

Sameflagget er prega av tradisjonelt samisk design. Det er raudt, blått, gult og grønt – noko som også er vanlege fargar å sjå på dei samiske kleda, skriv SNL.

Rundingen i flagget symboliserer sola (den raude halvdelen) og månen (den blå halvdelen). I tillegg til dette symboliserer den også samisk samhald.

Foto: Pixabay

Korleis seier me gratulerer med dagen?

Det er tre samiske språk i Noreg. Her kan du lesa korleis du seier «gratulerer med dagen» på nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk:

  • Du seier «Lihkku beivviin» på nordsamisk.
  • Du seier «Læhkoen biejjine» på sørsamisk.
  • Du seier «Vuorbbe biejvjin» på lulesamisk.