Tenk deg at du ikkje fekk gå på skulen. Eller at ingen høyrde på deg når vaksne bestemte noko som handla om livet ditt. Dei fleste synest det høyrest urettferdig ut. Derfor har barn eigne rettar. 20. november markerer me at FN vedtok Barnekonvensjonen i 1989.
Ein rett er noko du skal få eller bli behandla med. Det er ikkje ei gåve eller noko du må gjera deg fortent til.
Barn har eigne rettar fordi dei treng ekstra vern medan dei veks opp. Vaksne har ansvar for å passa på at barn får det dei treng for å leva, læra og utvikla seg.
Ein avtale for alle barn
I 1989 vedtok FN Barnekonvensjonen. Det er ein avtale som handlar om kva rettar alle barn i verda skal ha. I Barnekonvensjonen blir alle under 18 år rekna som barn.
Nesten alle land i verda har sagt ja til avtalen. Det betyr at dei har forplikta seg til å arbeida for at barn skal få dei rettane Barnekonvensjonen seier dei skal ha.
Kva har barn rett til?
Barnekonvensjonen handlar om mange ulike delar av livet. Barn har mellom anna rett til:
- eit namn og ein identitet
- mat, reint vatn og helsehjelp
- å gå på skule
- å vera trygge og verna mot vald og overgrep
- kvile, fritid og leik
- å seia meininga si i saker som gjeld dei
Det betyr ikkje at barn alltid får bestemma. Men vaksne skal lytta til det barn meiner og ta meiningane deira på alvor.
Rettar gjeld alle
Mange barn i Noreg får oppfylt dei fleste av rettane sine kvar dag.
Samtidig finst det barn som ikkje får gå på skule, som må flykta frå krig, eller som manglar mat og helsehjelp. Nokre opplever òg vald eller blir tvinga til å arbeida.
Difor arbeider mange land og organisasjonar for at alle barn skal få dei same moglegheitene – uansett kvar dei bur.
Barnekonvensjonen minner oss om at alle barn er like mykje verd, uansett kven dei er eller kvar dei kjem frå.
Kva meiner du er den viktigaste retten barn har?
Kva meiner du er den viktigaste retten barn har?
Kjelder: UNICEF, FN-sambandet, Barneombodet




















