Premiere på Minecraft-filmen: Dette er det Elias (10) var mest spent på

Crafting table, zombie og høner stod høgt på lista av kva som måtte sjåast i «A Minecraft Movie».

4. april er det Noregspremiere på filmen A Minecraft Movie. Men nokre av oss måtte kome oss av garde og sjå førpremiera i Oslo, allereie 3. april.

Journalisten som skriv denne teksten tok med seg nevøen Elias Elvsveen Meisingset (10) til Colosseum kino for å sjå den kubiske filmen. Han kan betre fortelje om filmen er verd å sjå for dei på hans alder.

I tillegg til ynsket om å sjå crafting table, høner og zombiar, som han nemner i videoen, var det ein til som dukka opp.

– Eg håpar vi får sjå Technoblade, seier Elias. Technoblade var ein profesjonell Minecraft-spelar som døydde av kreft i 2022. Han vart udødeleggjort i spelet og i filmen som ein rosa gris med krone.

Spol fram ein time, og Elias og eg sit i ein fullsett kinosal. Filmen rullar, og plutseleg passerer ein rosa gris med krone over skjermen. Heile salen bryt ut i applaus.

Når vi kjem ut av kinosalen, er Elias godt fornøgd.

– Filmen var veldig morosam, seier han. Han likte spesielt godt slutten, men den kan vi ikkje snakke om heilt enno.

– Eg anbefaler filmen, avsluttar Elias med.