Lávre Johan (20) er musikar

Lávre Johan Eira (20) er frå Kautokeino og snakkar nordsamisk. Han fortel at han er veldig takksam for å ha vakse opp ein plass der kulturen er såpass levande.

– Eg byrja eigentleg å skrive mykje på engelsk, og skreiv mykje på det i samband med eit diskoprosjekt eg hadde med ein kompis. Men etter kvart kjente eg ein trang til å kome så nært på det samiske som eg kan, fortel Lávre Johan Eira på telefon til Framtida.no.

Foto: Alice M. Jektevik

– Plutseleg byrja mykje tekst og mange ting å kome ut på samisk.

For halvtanna år sidan fall den nye karrierevegen i fanget på 20-åringen, som no satsar på musikk på fulltid. Han har teke steget frå publikum til scena på Riddu Riđđu Festivála, skal delta i den komande utgåva av Sami Grand Prix og arbeider no for fullt med soloplata si.

– Jo meir eg jobbar med det, jo meir vert eg dregen mot det tradisjonelle, avslører Eira.

For sentralt i soloprosjektet hans er den samiske musikkverda og joiketradisjonen.

Les også: Derfor feirar me samefolkets dag

I passet står det «norsk», men i hjarta «samisk»

Lávre Johan Eira er oppvaksen og bur i Kautokeino, ein av dei få stadane i Sápmi der nordsamisk vert praktisert i stor grad overalt, anten ein er på skulen, på butikken eller går til legen.

– Eg er veldig takksam for å ha vakse opp ein plass der kulturen er såpass levande, og framleis såpass eigen. At det er litt tydeleg at ein ikkje er heilt i Noreg meir, fortel Eira.

Han seier at sjølv om passet hans er norsk, så er det ikkje nødvendigvis slik han ville skildra seg sjølv. Han er samisk først og fremst.

– Eg brenn for det samiske, for å kunne utøve språket mitt og kulturen min på alle måtar i det offentlege rom, i det mellommenneskelege og det andelege, konstaterer 20-åringen.

Fem kjappe spørsmål: