Ina-Theres (25) driv med rein: – Nyfødde kalvar er det desidert finaste

Sørsamiske Ina-Theres Sparrok har vakse opp i ein reindriftsfamilie, og har teke over sin eigen flokk. 

– Det er nokre gongar, når det regnar sidelengs og ein må vere ute, at eg tenkjer «i dag hadde det kanskje vore fint å jobbe på kontor», fortel Ina-Theres Sparrok.

Men når det er fint vêr ute og alle dyra hennar har det bra, så gløymer 25-åringen fort dei tunge stundene.

– Eg kjem på kvifor eg vil leve dette livet. Det er her eg skal vere, seier Ina-Theres.

Ina-Theres har sørsamisk som morsmål og pratar det òg på jobb: – Eg veit ikkje om mange andre yrke der det er slik, seier ho.

Familiebedrift

Heilt sidan ho var lita har sørsamiske Ina-Theres visst at det var rein ho skulle drive med når ho vart vaksen. Familien hennar har drive med rein i mange, mange generasjonar.

– Det er ikkje mange som veit at vi driv med rein heile vegen ned til Røros på norsk side og like langt på svensk. Mange trur ein berre driv med reindrift i Finnmark, på vidda, seier Ina-Theres som er frå Smalåsen i Trøndelag.

Ina-Theres fortel at ein reindriftsfamilie er som ei familiebedrift, der alle har sine oppgåver.

Eit av dei første barndomsminna ho har er frå kalvemerking. Når reinkalvane er kring ein månad gamle skjer ein ulike snitt i øyro deira, slik at ein kjenner dei att.

– Eg hugsar at då eg var 4-5 år, så fekk eg hjelpe til å halde haka til kalven, minnest Ina-Theres.

Sørsamisk har eigne ord for å skildra korleis ein rein ser ut. Båavjoeh skildrar ein rein med vanleg farge, medan geerhmnes er ein rein som er mørkebrun. Jijsen-goelke er ein rein som har farge som ser ut som rimfrost. Foto: Ina-Theres Sparrok

Brukar dronar og snøskuter

Ina-Theres tok over sin eigen reinflokk for fem år sidan. Ho fortel at reindrifta har vorte ganske moderne – no brukar ho til dømes drone til å gjete flokken på godvêrsdagar, og ho køyrer både snøskuter og ATV.

– Kor mange rein har du? 

– Det er eit klassisk spørsmål, seier Ina-Theres og ler. Så forklarar ho at å spørje om kor mange rein ho har vert som å spørje nokon kor mykje pengar dei har på kontoen.

Snart byrjar den mest hektiske tida i reindriftsåret, når reinen skal kalve. Men det er òg årets høgdepunkt:

– Når eg ser nyfødde kalvar, det er det desidert finaste, fortel Ina-Theres.

Etter at kalvane er fødde er det viktig å passe på dei slik at dei ikkje vert tekne av ørn eller påkøyrde av bilar eller tog som køyrer i nærleiken av beitet.

Ina-Theres fortel at reindrift ikkje er noko ein berre kan lære seg på skulen, det er noko ein lærer heile livet.

– Ein må like å vere ute i all slags vêr, uansett om det er regn, snøstorm eller utruleg fint. Ein må vere førebudd på at det kan vere mange ulike arbeidsoppgåver. Det er ikkje berre å køyre snøskuter bak rein, du må òg gjete rein, slakte rein og setje opp gjerde, forklarar ho.

– Det er ikkje berre ein jobb, men ein livsstil.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ina-Theres Sparrok (@inatheres)