Mia (17) driv med reinsdrift og skodespel

Mia Erika Sparrok (17) er frå Namsskogan, og snakkar sørsamisk. Ho fortel at det samiske språket er ein stor del av identiteten hennar.

Foto: Ina-Theres Sparrok

– Det samiske språket fortel kven vi er, det er ein del av vår identitet og eg kan ikkje førestille meg eit liv utan hjartespråket mitt, fortel Mia Erika Sparrok til Framtida.

17-åringen frå Namsskogan bur for tida på hybel i Namsos, der ho tek ambulansefag på vidaregåande. Ho skildrar seg sjølv som heldig, for ho har kunna bruke sørsamisk frå ho var fødd – heime, i barnehagen, gjennom alle skuleåra og på filmlerretet.

Allereie som 12-åring debuterte Mia Erika Sparrok som skodespelar i den kritikarroste filmen Sameblod frå 2016, som tek føre seg diskrimineringa og rasebiologien som samar vart utsette for.

Les også: Derfor feirar me samefolkets dag

Foto: Ina-Theres Sparrok

– Det er spesielt å få spele inn ein film på ditt eige morsmål, og det er bra at det sørsamiske språket kjem litt betre fram i lyset, fortel Sparrok, og understreker at historia i filmen er viktig.

Sameblod henta heim fleire internasjonale filmprisar, og Mia Erika Sparrok var sjølv nominert til den svenske Guldbaggen for rolla som Njenna.

– Det å prøve å vere ein heilt annan person er artig og veldig spennande, sjølv om det kan vere utfordrande å skulle setje seg inn i andre sine kjensler, fortel 17-åringen.

Reindrifta er førsteprioritet

Endå Mia Sparrok ynskjer å halde fram som skodespelar og vil gripe sjansen når ho får den, så er ho også tydeleg på at ein kvardag på filmlerret ikkje er hovudfokuset:

– Reindrifta er førsteprioritet, fortel ho.

Mia Erika Sparrok er vaksen opp i ein reindriftfamilie, og både far hennar og eldste systera har sin eigen flokk. Når 17-åringen er ferdig på vidaregåande neste år har ho tenkt seg heim til Namsskogan for å verte reindriftlærling og ta fagbrev.

– Reindrifta er for meg ikkje berre ein jobb, men det er ein livsstil. Det er ein stor arv frå generasjon til generasjon, forklarar ho.

Fem kjappe spørsmål: