
Sara Lilliane Meland Gilje (11)
Korleis betalar du for ting?
– Kontant eller kort.
Viss du skal få pengar i gåve, kva likar du best: Vipps eller kontantar?
– Kontantar. Eg vil helst ha 500-lappen.
Kor ofte brukar du kontantar?
– Eg pleier oftast å bruka kontantar. Eg har ikkje bank på telefonen. Mamma tvingar meg til å bruka kontantar.
Treng me kontantar?
– Ja. Skjønar ikkje korleis «tannfeen» skal gje meg pengar hvis ikkje. Eg får 67,- kroner for ei tann.

Jenny Knutsen (11)
Korleis betalar du for ting?
– På butikk bruker eg kort. Eg brukar vipps når eg ikkje kan bruka kort.
Viss du skal få pengar i gåve, kva likar du best: Vipps eller kontantar?
– Eg likar ikkje kontantar så godt, for eg brukar det ikkje så ofte. Eg likar best vipps eller kort.
Kor ofte brukar du kontantar?
– Aldri. Eg får berre kontantar i gåve frå andre barn til gebursdagen min.
Treng me kontantar?
– Nei. Eg synest det er heilt unødvendig

Emil Oppedal Grønås (11)
Korleis betalar du for ting?
– Eg brukar oftast kontantar i kiosken når eg ser herrelaget til Moster spela fotballkamp.
Viss du skal få pengar i gåve, kva likar du best: Vipps eller kontantar?
– Kontantar. Då har eg meir pengar å bruka i kiosken.
Kor ofte brukar du kontantar?
– Veldig ofte. Kvar veke på fotballkamp. Eg sparar opp til det.
Treng me kontantar?
– Ja.

Olav Borgemyr (11)
Korleis betalar du for ting?
– Kort og vipps.
Viss du skal få pengar i gåve, kva likar du best: Vipps eller kontantar?
– Vipps.
Kor ofte brukar du kontantar?
– No for tida aldri, men eg har gjort det før.
Treng me kontantar?
– Kontantar er for små barn, ikkje for store.






















