Sommar i sommarparkane: Mikkelparken

Framtida Junior sjekkar tempen i sommarparkane. I dag går turen til Mikkelparken.

Mikkelparken i Kinsarvik beskriv seg sjølv som parken for småbarnsfamilien. Der kan dei yngste barna kjenna på meistring sidan dei får lov til å ta mange av attraksjonane sjølv.

I år kan dei freista med fleire store og små nyheiter i parken.

Men det dei sjølv synest der det som er mest spennande, er at dei har fått meir plass til enno fleire attraksjonar og enno fleire barndomsminne.

Gravemaskinene og heiskranane i Mikkelparken, er svært populære. Kanskje spesielt for dei framtidige maskinførarane som kjem på besøk. Foto: Mikkelparken

– På det nye arealet har me fått inn eit stort nytt leiketårn med åtte sklier i ulike høgder og formasjonar. Det er kome fleire gravemaskiner og to nye heisekranar – til glede for små framtidige maskinførarar, seier driftsleiar i Mikkelparken, Inga Måkestad, før ho legg til:

– Me har også kjøpt inn massevis av mjuke, magnetiske byggeklossar som me har innandørs. Me diggar å sjå alle dei kreative og fargerike konstruksjonane til gjestene.

– Som eit sydenparadis

Ho kan røpa at hennar personlege favoritt i parken er badelandet «Tropefryd». Spesielt på sommaren når det er sol og fint vêr ute.

– Då er det som å vera i eit sydenparadis. Og når vêret ikkje er på sitt beste, er det framleis tropevarme i vatnet. Det å høgre barnelatter og plasking frå skliene er ein lyd som gler oss som jobbar her, seier Inga Måkestad.

Tropefryd er Mikkelparkens eige badeland og både Mikkeline og Inga sin favorittplass. Foto: Mikkelparken

Sjølv om det til ei kvar tid er tropevarme i «Tropefryd», kan Inga fortelja at besøkstalet i parken varierer litt ut frå vêret. Likevel trur dei på ein ny sommar og ein juli-månad mange besøkjande.

– Veldig mange har vore rekordtidleg ute for å sikra seg billettar, då me i fjor opplevde å vera utseld fleire veker fram i tid. I år har me auka kapasiteten i parken, sidan det ikkje er koronarestriksjonar meir. Det er framleis ledige billettar, seier ho.