Sommar i sommarparkane: Tusenfryd

Framtida Junior sjekkar tempen i sommarparkane. I dag går turen til Tusenfryd.

Tusenfryd er Noregs største fornøyelsespark, og husar fleire attraksjonar som garantert gir deg både magesug og store smil om munnen. Før opninga av denne sesongen, la dei fram planane om den største satsinga i parkens 34-årige historie.

I løpet av dei neste tre åra skal store delar av parken oppgraderast, og fleire nye attraksjonar skal byggjast, skriv dei i ei pressemelding. Allereie no er nokre av desse på plass.

Mange nyheiter

– Det me kan avsløra av nyheiter for 2022, er ei ny sklie. Me opnar også «The Dungeon», som er ein labyrint med skumle opplevingar der skodespelarar dukkar opp for å verkeleg få opp pulsen til gjestene. I tillegg kjem det to heilt nye temasoner, seier Bjørn Håvard Solli, som jobbar som administrerande direktør i Tusenfryd.

Dei to nye sonene heiter «Route 66» og «Expedition Lost Kingdoms».

Tusenfryd beskriv «Route 66» som eit eige område for fart, spenning og lukta av svidd gummi. Foto: Tusenfryd

Den førstnemnde er bygd opp som ein liten by, slik at dei besøkjande kan føla at dei er langs den faktiske Route 66, som er ein veg i USA. Her kan ein mellom anna testa ut radiobilar og ein motorsykkelkarusell. I «Expedition Lost Kingdoms», kan ein reisa på ei eventyrleg oppdagelsesferd, som tek deg med på tur til ulike kontinent.

– Håpar at årets nyheiter blir tatt godt imot

Sjølv om det er vanskeleg å spå korleis besøkstala blir, ligg det an til at mange kjem til å ta ein tur i parken i løpet av sommarmånadane.

– Me håpar at årets nyheiter blir tatt godt imot av barnefamiliane, seier Erik Røhne Andersen, som er Markedssjef i Tusenfryd.

I «Expedition Lost Kingdoms», kan du reisa på eventyr! Der kan du oppleva berg-og-dalbanen HuriHuri, der du spinn rundt og det kiler i magen. Foto: Tusenfryd

Når han får spørsmålet om trekkja fram sine favorittattraksjonar, fortel han at han har mange av dei i parken.

– Men skal eg plukka ut to, så må det bli «Speedmonster» og «Ragnarok», seier Erik Røhne Andersen.