Meiner norske berg-og-dal-banar er trygge

Jernbanetilsynet ønskjer å trygga alle som er uroa for å ta karusellar i Noreg.

Etter ei ulukke i ein svensk underhaldningspark førre helg er mange bekymra for tryggleiken til norske karusellar og berg-og-dal-banar.

Eirik Ø. Reiersøl-Johnsen jobbar for Statens jernbanetilsyn, som er ansvarlege for at underhaldningsparkar i Noreg blir drifta trygt.

– Viss du liker å køyra berg-og-dal-bane, ville eg ikkje vore bekymra for å ta det i Noreg, seier han til P4 nyheiter.

Jernbanetilsynet undersøker berg-og-dal-banar i Noreg nøye om dei mistenker at dei ikkje er trygge nok. Om dei finn feil, blir innretninga stengt med ein gong.