– Ein sein haustkveld sat eg saman med to venninner og prata om då me var på leirskule i sjuande klasse. Me var alle einige om at det var gøy, men også litt skummelt å overnatta på ein gammal stad langt frå folk. Slik bestemte eg meg for å skriva om Djuplyngen – leirskulen som skjuler ein grufull løyndom.
Johanne bur rett ved eit mørkt, djupt tjern der ho heile tida er redd for at noko skal nappa henne i foten når ho badar.
– Å kombinera eit mørkt tjern med ein ekkel leirskule viste seg å vera ein god plan.
Når Johanne skriv, ser ho for seg ein lesar ho kjenner godt.
– Eg tenkjer på tolv år gamle Johanne når eg skriv. Ho hadde definitivt digga boka! Det er gøy å bli skremd, synest eg, sjølv om eg eigentleg er ganske engsteleg og lett kan få mareritt. Men nysgjerrigheita mi på det overnaturlege og skumle er større enn frykta mi, heldigvis. Elles hadde eg nok ikkje klart å skriva ferdig bøkene mine, for eg skvett av og til av den minste lyd når eg sit og jobbar framfor pc-en.
Det aller skumlaste
Kva synest du er mest skummelt i boka?
– Spøkelseshistoria om Skinn-Svein! Og kjensla hovudpersonen Alice har av at nokon stirer på henne, sjølv om ho er heilt aleine.
Noko av det ho skriv om, har røter i ei oppleving ho hadde som barn.
– Då eg var tolv år, overnatta eg på eit heimsøkt hotell og blei så redd at eg kasta opp. Det var midt på natta, og eg var livredd for at spøkelset skulle gøyma seg i eit av dei mørke hjørna på hotellrommet. Heldigvis for meg dukka det ikkje opp noko spøkelse den natta. Karakterane i En dødsbra bestevenn er nok ikkje like heldige.
Trass i den opplevinga var Johanne glad i skumle historier då ho var lita.
– Eg elska dei!
Men hadde du tort å overnatta éi natt heilt aleine på Djuplyngen leirskule?
– Absolutt ikkje!
Slik ville ho skremt ein ven
Viss du vil gi ein ven gåsehud, har Johanne eit tips.
– Fortel ei god spøkelseshistorie med skikkeleg innleving – eller les høgt frå En dødsbra bestevenn! Men sjekk først kor lettskremd venen din er. Ein kan jo mista nattesøvnen i fleire netter berre av å lesa eit par sider om Skinn-Svein.
Har ei bok eller ein film nokon gong halde deg vaken om natta?
– Ja, dessverre. Eg har til og med mista nattesøvnen berre av å høyra om ein film, utan eingong å ha sett han. Slik er det å ha storesøstrer som veit korleis dei skal skremma.
Ein gong blei ho også veldig skremd då ho var på telttur og skulle leggja seg.
– Då eg skulle leggja meg, såg eg lyset frå ei hovudlykt mellom trea. Personen var på veg mot meg, og eg venta for å sjå kven det var, men plutseleg forsvann lykta. Ingen dukka opp. Det var som om personen hadde forsvunne i lause lufta. Kanskje eg skal skriva om det i neste bok?






















