Sommar i sommarparkane: Bø Sommarland

Framtida Junior sjekkar tempen i sommarparkane. I dag går turen til Bø Sommarland.

Bø Sommarland er den største vassparken i Skandinavia. «Sikk og Sakk», «Magasuget» og «Hompetitten» er berre nokre av attraksjonane som ventar både små og store badeglade gjester.

– Me håpar sjølvsagt på ein VANNvittig bra sommar med mange fornøgde gjester, seier Siri Aardalen, som er marknadskoordinator i Bø Sommarland.

Også her kan gjestene gleda seg til kjekke nyheiter i sommar.

Sommar med show

– I år blir det ti kveldsshow med illusjonisten Alexx Alexxander. Det blir show kvar onsdag og laurdag frå 6. juli til og med 6. august, som startar ein halvtime etter parken stengjer, seier Siri Aardalen.

I tillegg kan dei også freista med Klovnen Karoline, som er klar med sprell og moro.

– Ho har show i Leikelandmanesjen kvar dag frå 8. juli til og med 7. august klokka 13.00 og 15.30.

Tryll er ein av dei mange skliene i Bø Sommarland. Den er heile 160 meter lang, har ein høgdeforskjell på nesten 20 meter og fleire overraskingar undervegs. Foto: Bø Sommarland

Sklier for tøffingar

Blant dei mange skliene i parken, trekkjer marknadskoordinatoren fram to av dei so hennar personlege favorittar.

Begge er merkt som «vågal», noko som betyr at dei berre er for dei aller tøffaste badedyra som kjem på besøk. Tør du ta dei – då er du garantert ein tøffing!

– Mine favorittar er Halfpipen og Jettegryta seier ho.