Desse Oslo-barna diggar folkedans: – Mange trur eg dansar rundt i bunad

Bjørn (11), Sigrid (14), Irma (12) og Amund (12) driv med folkedans i Oslo. Sjølv om ein kanskje ikkje skulle tru det var særleg utbreitt i storbyen, er det nettopp det det er. Dansarane beskriv det som ein aktivitet som passar for alle.

– Når eg seier at eg driv med folkedans, trur mange at eg dansar rundt i bunad. Men det gjer eg jo ikkje, seier Irma (12).

Ein gong i veka møtest ho, Amund (12), Bjørn (11) og Sigrid (14) og mange andre barn til danseøving i Barnelaget i Oslo sentrum.

Ut frå folketalet i Noregs største by, er det ikkje så mange barn som driv med denne typen dans her. Men likevel er Oslo den plassen i Noreg som har flest folkedanslag og flest folkedansarar, både blant vaksne, ungdom og barn.

Frå 1930–1980 var tusenvis av vaksne og barn med på leikarring, men frå 90-talet har interessa for danseforma dabba litt av i heile Noreg. Ein leikarring er ein organisasjon som driv med folkedans.

Kjekt å reisa på stemner

Kanskje er det nettopp det som er grunnen til at nokre synest at det er rart og gammaldags at Irma, Amund, Bjørn, Sigrid og dei andre barna likar folkedans.

– Det er ikkje så vanleg her, og grunnen er kanskje at det er så mange ulike aktivitetar i Oslo, seier Amund.

Sosialt: Dansarane beskriv folkedansen som ein sosial fritidsaktivitet. – Det er veldig sosialt og så får du mange nye venner som du ikkje ville ha møtt på skulen, seier Irma. Foto: Thor Hauknes

Det at det heile tida skjer mykje på større plassar, kan kanskje vera grunnen til at det er utfordrande å ta vare på gamle tradisjonar i storbyen. På mindre plassar, har dei nok vore flinkare til nettopp det, trur dansarane.

– Det er ein sterkare tradisjon knytt til folkedans på plassar som er mindre enn Oslo. I Valdres for eksempel, så driv «alle» med folkedans, seier Sigrid.

Har dansa nesten heile livet

Det veit dei, då dei kvart år er ei heil veke på stemne nettopp i Valdres. Og desse stemnene er blant det som er kjekkast ved å driva med folkedans.

Irma fortel at det er var eit stemne som gjorde det tydeleg for ho at folkedans er skikkeleg gøy.

– I starten hadde eg ikkje så lyst til å bli med, men så reiste me på eit nordisk stemne på Færøyane alle saman. Då fekk eg skikkeleg lyst til å fortsette med folkedans, seier ho.

Stort miljø: Oslo den plassen i landet som både har flest folkedanslag og flest folkedansarar, både blant vaksne, ungdom og barn. Det har vore aktive folkedansmiljø her sidan 1800-talet. – Det er gøy og eit veldig fint miljø, seier Bjørn. Foto: Thor Hauknes

Alle fire omtalar folkedans som ei veldig kjekk form for dans. Og når noko er kjekt, er det enkelt å halda fram.

– Eg starta med folkedans då eg var tre år, seier Bjørn.

Saman med søstera Sigrid, har han snart drive med folkedans i ti år.

– Eg begynte fordi eg såg ein serie på barne-tv der dei dreiv med folkedans. Det verka kjekt, så då ville eg byrja med det. Og så byrja Irma fordi eg vart med, seier Amund.

– Kjekt å vera saman med venner på dansen

Dansen er ein plass der det både er lett å finna nye venner, og å vera med gamle vener.

– Det er masse snille folk her, og så er det er gøy å reisa på stemne, for då får me møta folk frå heile landet. Det er gøy å læra nye ting, seier Irma før Amund legg til:

– Og så er det veldig kjekt å vera saman med venner me har på dansen.

Barna nemner både ballett og hiphop når dei får spørsmål om dei har testa andre typar dans. Men karrierane deira innan dei andre dansefelta vart korte.

– Eg gjekk på ballett då eg var 6 år, og syntest ikkje at det var så gøy. Men dette – det er ordentleg gøy, seier Irma.