«Menneskeleg» kåra til årets ord

Kvart år kårar den britiske ordboka Cambridge Dictionary årets engelske ord. Nyleg blei det kjent at ordet for 2026 er «human» – «menneskeleg» på norsk.

Det står på nettsidene til Cambridge.

Ordboka definerer ordet «human» («menneskeleg» på norsk) som å ha dei eigenskapane, feila og følelsane som eit menneske har. Dette i motsetnad til gudar, dyr og, kanskje aller mest aktuelt, maskinar og kunstig intelligens.

Orda som blir kåra til årets ord av ordboka, er ofte nye ord, men kan også vere gamle ord som har fått ei ny eller viktig betydning. Sistnemnde er tilfellet i år.

– Kunstig intelligens har endra korleis vi pratar om det å vere menneskeleg. Frykt for kva menneske kanskje mistar når vi let maskiner tenke for oss, har gjort at vi revurderer kor mykje vi lener oss på kunstig intelligens, seier Colin McIntosh, som jobbar i Cambridge Dictionary.