I 2026 er det 53 veker i staden for 52

Du har kanskje lært at det er 52 veker i løpet av eitt kalenderår, men i år er det 53. Her kan du lese kvifor.

Nokre år er det 53 veker i løpet av året. Dette skjer dersom 1. januar hamnar på ein torsdag eller dersom det er skotår og 1. januar er ein onsdag.

Eit skotår er når vi har 29 i staden for 28 dagar i februar. Då får vi 366 dagar i løpet av eit år. Dette skjer kvart fjerde år.

I 2026 hamna 1. januar på ein torsdag, og dermed blei året delt inn i 53 veker. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Kvifor ei veke ekstra?

I ei veke er det sju dagar, medan det er 365 dagar i eitt år. Samstundes utgjer 52 veker berre 364 dagar. Det gjer at det blir éin dag til overs dei åra vi berre har 52 veker.

Til slutt blir det samla opp så mange dagar at vi får eit ekstra vekenummer i løpet av året. Det betyr rett nok ikkje at vi får fleire dagar i løpet av året, sjølv om vi har eit vekenummer ekstra.

Seks år til neste gong

I år – i 2026 – fall 1. januar på ein torsdag, og kalenderen blir dermed delt inn i 53 vekenummer i staden for 52.

Den 28. desember startar den 53. og siste veka i 2026. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Vanlegvis går det fem-seks år mellom kvar gong det er 53 veker i året. Andre gongar kan det gå opp til elleve år.

Førre gongen vi hadde 53 veker, var i 2020. Då var det skotår og 1. januar var på ein onsdag.

Neste gong vi får 53 veker, etter 2026, blir i 2032. Då er 1. januar på ein torsdag igjen.

Neste år er 1. januar ein fredag, og vi får dermed 52 veker i 2027. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Kjelde: timeanddate.no