Sjå nokre av årets artigaste dyrebilde!

Kvart år kårar kameramerket Nikon verdas artigaste dyrebilde. Her er nokre av årets finalistar.

Konkurransen Nikon Comedy Wildlife Awards har kåra dei artigaste og mest komiske bilda av dyr årleg sidan 2015. I år har det vore rekordmange deltakarar.

Den grublande sjimpansen

Dette bildet med namnet The Contemplative Chimpanse er teke av Arvind Mohandes. Han tok dette blinkskotet då han følgde ein flokk på 50 sjimpansar i jungelen i Uganda.

© Arvind Mohandas / Nikon Comedy Wildlife

Ropande ekorn

Bildet Song of the Zeisel er teke av Kath Aggis. Det er teke Wien i Austerrike og viser eit ekorn som kallar på barna sine.

© Kath Aggiss / Nikon Comedy Wildlife

Dansande insekt

Jose Miguel Gallogo Molina tok bildet av ein kneler som ser ut som han dansar. Bildet med tittelen Mantis Flamenca er teke i Spania.

© Jose Miguel Gailego Molina / Nikon Comedy Wildlife

Akrobatisk Lemur

Andy Rouse tok bilde av ein av mange artige rørsler denne lemuren gjorde. Bildet har tittelen England Cricket’s latest weapon og er teke på Madagaskar.

© Andy Rouse / Nikon Comedy Wildlife

Løvekjeft

Scott Frier tok bilde av ei holøve som ser ut som ho kjeftar på ei hannløve. Bildet er teke i Tanzania og heiter Nagging is a universal concept.

© Scott Frier / Nikon Comedy Wildlife

Rockestjerna

Sanjay Patil tok bildet The Rock Star i India. Det viser ei firfisle som står på to føter. Dette er for å avkjøle seg i den indiske sommarvarmen.

© Sanjay Patil / Nikon Comedy Wildlife

Hallo verd

Dette bildet av ein raud maur som ser gjennom eit hol i eit blad er teke av Alexander Pansier. Bildet med tittelen Hello World er teke i Nederland.

© Alexander Pansier / Nikon Comedy Wildlife

Hysterisk morosamt

Bildet med tittelen Laughing Out Loud er teke av ein nyfødd sel i Tyskland. Det er Ingo Hamann som har teke bildet.

Foto: © Ingo Hamann / Nikon Comedy Wildlife

Krasjlanding

Damyan Petkov fekk fanga augneblikket då ein fugl av arten hvitkinnsvartterne krasjlanda. Bildet har tittelen Whiskered Tern Crash on Landing og er teke i Bulgaria.

© Damyan Petkov / Nikon Comedy Wildlife