Sjå dyra få graskar på Halloween!

I Kristiansand dyrepark feirar dei Halloween ved å gi graskar til fleire av dyra. For dyra er dette mykje meir enn berre sesongpynt; graskar fungerer som ei fin og viktig aktivisering.

Aktivisering er nemleg ein av dei aller viktigaste arbeidsoppgåvene til dyrepassarane. Ved å gi dyra varierte og stimulerande aktivitetar som dette, legg dyreparken til rette for at dyra får brukt sansane sine og får utløp for naturleg åtferd.

I videoen ser du desse dyreartane i denne rekkjefølgjen: Raudpanda, javalangur, moskusand, stråleskjelpadde, ringhalelemur, løvetamarin, ringhalelemur, raudpanda og javalangur.