Dvergvaskebjørn (Cozumel-vaskebjørn)
- Dvergvasekbjørnen er kritisk utryddingstruga. Det finst berre 200 individ av arten i heile verda og alle lever på øya Cozumel i Mexico.
- Dvergvaskebjørnen et krabbe, frosk, firfisle, frukt og insekt. På grunn av turisme får dei i seg anna mat som ikkje er bra for dei, som til dømes tortillachips.
- Individa veg mellom 3-4 kilo, noko som gjer dei til ein del mindre enn vanleg vaskebjørn som kan vege opp mot 25 kilo.
Kjelder: cbc.ca og wikipedia.org
Det skriv cbc.ca.
Det var biologen og forskaren Nessie O’Neill som oppdaga denne åtferda for første gong.
Då Nessie studerte Cozumel-vaskebjørnar, også kalla dvergvaskebjørnar, på den meksikanske øya Cozumel, oppdaga ho at dei leita gjennom søppel for å finne papirbitar og anna materiale. Deretter tok dei med seg papirbitane til ein vasskål.
Vaskebjørnane dyppa deretter søppelet i vatnet, før dei rulla det saman mellom potane og med det laga ein ball.
Dei begynte deretter å leike med ballane. Dei dytta og slo ballane, omtrent slik ein katt leiker med ei leikemus.

Lærer av kvarandre
No har Nessie O’Neill og to andre forskarar studert dette vaskebjørnfenomenet. Dei synest oppdaginga er svært spennande, då det kan vere eit teikn på at vaskebjørnane lærer ting av kvarandre og deler kunnskap.
Det viste seg nemleg at dei unge vaskebjørnane såg på at dei eldre søskena laga leikeballar, og deretter prøvde sjølve.
Forskarane har også sett at vaskebjørnane sendte ballane fram og tilbake mellom seg.
Dette er første gong forskarar har vist at dyr i vaskebjørnfamilien lagar sine eigne leiker og leiker saman på denne måten.
HER kan du sjå video av at vaskebjørnar lagar leikeballar, medan biolog Nessie forklarar.






















