Russland skal ha trent delfinar til å gjera militære oppgåver

Russland skal ha trent opp militære delfinar til bruk i krigen mot Ukraina. Det viser ein analyse av satellittbilde frå Krim.

Delfinar er blant dei mjukare typane våpen Russland har brukt etter at dei tok seg ulovleg inn i Ukraina. Det viser ein analyse av satelittbilde frå Sevastopol på Krim-halvøya, skriv Sky News i ei sak.

Det er US Naval Institute som har sett på bilda.

Under analysen såg dei at det var plassert to delfinbasseng ved hamna i Sevastopol. Delfinane skal ha blitt flytta til Svartehavet i februar, omtrent då krigen starta. Der er oppgåva deira å passa på ein marinebase.

Smarte medhjelparar

Delfinar blir sett på som nokre av dei smartaste dyra som finst på planeten. Visste du mellom anna at dei kan hjelpa menneske med å fiska? Eller at dei er eit av dei få dyra utanom oss menneske, som drep «for moro skuld»?

I Skottland er det nemleg fleire gonger observert delfinar som angrip niser utan grunn. Undersøkingane viser at det var snakk om blind vald, skriv forskning.no. 

Då dei er smarte og utspekulerte, blir dei ofte trent opp til å hjelpa oss menneske – også i krigssituasjonar som no.

Sjøpattedyrprogrammet

Dyra som er plassert i Sevastopol, er med i noko som russarane kallar sjøpattedyrprogrammet. Dette programmet har eksistert i Sevastopol sidan den kalde krigen på 1950-talet, og også USA har eit tilsvarande program.

I programmet blir dyra trent til å hjelpa med å leita etter miner, å finna fiendtlege dukkarar eller å sabotera for skip. Dei kan også hjelpa med vern av skip og hamner.

– Dette kan forhindra ukrainske spesialoperasjonsstyrkar frå å gjennomtrenge hamna under vatn for å sabotera krigsskip, skriv US Naval Institute i rapporten sin.