Hanndelfinen vil vera populær

Hanndelfinar med mange vener får fleire barn enn dei som har nokre få bestevener.

Forskaren Livia Gerber har funne ut at venskap har mykje å seia for delfinar når dei skal para seg.

Når hann-delfinar vil para seg, slår dei seg ofte saman med andre hannar for å følgje etter ei ho. Det gjer dei heilt til ein av hannane får para seg med hoa.

Dette samarbeidet mellom hannane er viktig når dei skal para seg, skriv Ung.Forskning.no.

Les også: Delfinar lærer «namna» på venene sine for å danna lag

GIF: Giphy.com

Forska i 30 år

I Shark Bay i Australia er vatnet klart og grunt. Der har ulike forskarar observert ein stor flokk med ville delfinar i fleire tiår.

No har Gerber og samarbeidspartnarane hennar studert informasjon om livet til 85 hanndelfinar, samla over heile 30 år.

Resultata viser at det var ein fordel å vera populær.

Hanndelfinane som kjente mange andre delfinar, og som var mykje saman med andre delfinar, hadde fått flest barn. Dei som kjente færre eller heldt seg til nokon få bestevenner, hadde færre barn.