FAKTA: Batterijakten
- Batterijakten er ein landsdekkande skulekonkurranse i regi av Miljøagentane, der målet er å læra elevane på 4. trinn om gjenvinning og korleis vi kan bli betre til å ta vare på jordas ressursar.
- Batterijakten blir arrangert av Miljøagentene i samarbeid med Clas Ohlson, VARTA og Batteriretur.
- Batterijakten er ein årleg kampanje for å samla inn brukte batteri rundt om i norske husstandar.
Batterijakten blei arrangert for niande gong denne våren, og aldri før har fleire vore med på aksjonen. Over 780 fjerdeklassar har tråla land og strand etter brukte batteri. I ekte dugnadsånd har elevane engasjert nærmiljøet i jakta på batteria, og sett både onklar, tanter og besteforeldre i sving.
- LES MEIR: Batterijakten 2021 er i full gang
– Det er kjempegøy å sjå innsatsen til barna! Dei har spurt familie og vener, dei har sett opp plakatar og lagt lappar i nabopostkassar for å samla inn batteri på ein trygg måte. Det er veldig inspirerande å sjå kva dei har fått til saman, seier Julie Vestgren Pettersen, prosjektleiar i Miljøagentene i ei pressemelding.
Ny rekord
Den førre rekorden frå 2018 på 111 tonn har vorte slått av årets fjerdeklassingar, som i løpet av berre tre veker har samla over 124 tonn batteri til gjenvinning.
For å vinna konkurransen har klassane både løyst vekeoppdrag og samla inn batteri, for å skaffa poeng. Gjennom vekeoppdraga har barna fått sleppa kreativiteten laus og laga batterikunst, plakatar og miljøvennlege oppfinningar.
Gjekk heilt til topps
Klassen som gjekk heilt til topps var 4A på Lyngstad og Vevang skule, i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Dei var blant klassane med flest mogleg poeng og vart trekt ut som dei heldige vinnarane.
Hovudpremien som er på 30.000 kroner, blir elevane oppfordra til å bruka på noko miljøvennleg som kjem heile klassen til gode.