Batterijakten 2021 er i full gang

I år skal fire engasjerte miljøagentar vera med og motivera elevane til å setja ny rekord i Batterijakten 2021. I dag skal du få bli betre kjent med ein av dei nye ambassadørane: Noah (10) frå Porsgrunn.

Namn: Noah Ajer Leerstang (10)

Har vore miljøagent i 3 år

Bur i Porsgrunn

Korleis blei du ambassadør?

Eg såg at Miljøagentene søkte etter ambassadørar til batterijakta, så då sende eg inn ein søknadsvideo. Det gjorde at eg vart ein av dei heldige som fekk bli med som ambassadør! Eg synest det er litt dumt at vi som blei valt ikkje har fått møta kvarandre for å utføre oppdrag saman, på grunn av korona.

Korleis har starten vore?

Det har vore gøy! Den fyrste veka laga vi batterikunst, og så har vi sjølvsagt byrja å leita etter batteri slik at dei kan bli trygt levert til gjenvinning.

Kor mange kilo samla klassen inn den fyrste veka? 

Vi har sett vener, familie og nesten heile skulen i sving for å leita fram brukte batteri. Den fyrste veka fekk vi inn 251 kilo, og eg hadde aldri trudd vi skulle finna så mange batteri berre på ei veke!

Kvifor er Batterijakten viktig? 

Det er viktig at vi lærer meir om batteri og korleis dei skal kastast. Batteri kan innehalda farlege stoff som kan vera veldig skadeleg om dei hamnar i naturen. Det kan òg bli brann om dei blir kasta i vanleg søppel. Ein bør setja tape på endane på batteria slik at faren for brann skal bli mindre. Alt dette trur eg alle fjerdeklassingar som har vore med på batterijakta lærer seg. Eg trur til og med mange mammaer, pappaer og andre vaksne som har batterijeger i huset vil læra det.

Kva er dine beste tips til andre som vil samla inn batteri?

  • Spør familie og vener om dei kan sjekka om dei har gamle batteri liggjande.
  • Få hjelp frå vaksne til å leggja ut ei melding på sosiale medium om at du ønskjer å samla inn batteri. Sidan det er korona kan det vera lurt å be dei leggja batteria i ein pose utanfor inngangsdøra si.