Lille norske leksikon
- Lille norske leksikon er eit gratis kvalitetssikra leksikon for barn og andre som treng enkel og forståeleg informasjon.
- Leksikonet har over 4200 artiklar som er lesne meir enn 9 millionar gonger.
- Meir enn 2500 elevar og lærarane deira har vore med på å utvikle leksikonet gjennom elevsjekk.
- Frå 2027 treng Lille norske leksikon 7 millionar kroner i årleg støtte frå staten for å kunne halde fram med tilbodet.
Kjelde: Lille norske leksikon
Femteklassingen Ingveig Viken Grut frå Steinkjer drog denne veka til Oslo for å overtyde politikarane på Stortinget om kor viktig Lille norske leksikon er for barn og unge i Noreg.
– Lille norske leksikon er mykje lettare å lese enn andre nettsider. Det er lettare å søke opp informasjon der enn andre stader. Det skaper leselyst og utforskartrong, sa Ingveig da ho møtte stortingspolitikarane tysdag.

Lille norske leksikon i krise
Da statsbudsjettet blei lagt fram tidlegare i haust, vart det kjend at regjeringa planlegg å ikkje gi Lille norske leksikon pengar neste år. Om leksikonet ikkje får 7 millionar kroner i årleg støtte, må det leggjast ned.
- Les meir: Krise for Vesle norske leksikon
Derfor møtte Ingveig politikarane på Stortinget, saman med Erik Bolstad som er redaktør i Store norske leksikon og Guro Djupvik som er redaktør i Lille norske leksikon.

Møtet var ein del av ei høyring. Ei høyring på Stortinget er eit møte der politikarar får høyre kva ulike personar, ekspertar og organisasjonar meiner om ei sak før dei tek ei avgjerd.
– Eg hadde sommarfuglar i magen
Ingveig er ikkje berre brukar av Lille norske leksikon. Ho har også vore med på å elevsjekke det. Det betyr at ho har lese leksikontekstar for å sjå om dei er lette, forståelege og om barn kan lære noko av dei.
Då ho og pappaen hennar snakka om at leksikonet kanskje måtte leggjast ned, fekk Ingveig ein idé.
– Eg foreslo, eigentleg mest på tull, at eg kunne snakke med politikarane, fortel ho.
Men spøken blei raskt til alvor. Det viste seg at ho faktisk hadde moglegheit til å seie meininga si direkte til politikarane i høyringane som skjer etter at forslaget til statsbudsjettet blir lagt fram.

– «Okei, dette skjer faktisk», tenkte eg då eg fekk vite at eg skulle delta i høyringa.
Etter å ha lese og øvd ein heil del på det ho skulle seie til politikarane, var Ingveig framleis spent rett før ho skulle inn.
– Eg hadde sommarfuglar i magen, men da eg sat der framfor politikarane prøvde eg å vere roleg og eg klarte å seie det eg hadde planlagt, seier Ingveig med eit smil.
Store konsekvensar for skulekvardagen
For Ingveig er Lille norske leksikon ei viktig hjelp i skulekvardagen. Ein gong fekk klassa i oppgåve å skrive ein faktatekst om eit rovdyr i Noreg. Då valde ho jerven og brukte leksikonet til å finne informasjon.
– Det var veldig praktisk å ha teksten om jerv framfor seg då eg skreiv min eigen faktatekst.
Ingveig meiner det ville fått store konsekvensar for skulekvardagen dersom Lille norske leksikon blir borte.
– Det ville blitt vanskelegare å finne god og trygg informasjon. Eg kunne brukt Store norske leksikon, men det er mykje meir tungvint og komplisert å lese. I tillegg er det mykje meir tekst ein må kome seg gjennom.

Vil sikre kunnskap for framtidige elevar
Store norske leksikon-redaktør Erik Bolstad er glad for at Ingveig var med på høyringa tysdag og fekk fortald politikarane kvifor Lille norske leksikon er viktig for ho og andre barn.
– Det å gi barn si stemme ein plass i denne saka, som først og fremst gjeld dei, er veldig viktig, seier han.
No håpar Ingveig at politikarane vil sørgje for at Lille norske leksikon får dei sju millionane dei treng.
For Ingveig handlar dette om at ho sjølv og andre barn skal finne informasjon dei forstår og som dei er sikre på er sann, og slik lære meir om verda rundt seg.
– Stem for eit statsbudsjett med Lille norske leksikon. Elles mistar vi ei verdifull og sikker kjelde, avslutta Ingveig talen sin til politikarane med.

- Les meir om statsbudsjettet: Føreslår korleis milliardar av kroner skal brukast: Dette er statsbudsjettet






















