Thilda (10) er ein av ambassadørane for årets batterijakt

Thilda og klassevenninna samla inn heile 18 kilo gamle batteri på ein dag! - Vi brukte antibac etter kvart hus og heldt avstand, fortel ho.

Fakta om Batterijakten

Batterijakten er ein konkurranse der fjerdeklassar konkurrerer mot kvarandre om å samle inn batteri og levere til gjenvinning. I tillegg skal dei løyse spennande oppdrag. Vinnarklassen får heile 30.000 kroner.

LES FAKTALUKK FAKTA

Thilda Onsager (10)

Har vore miljøagent sidan oktober 2020

Bur i Stabekk

Kvifor hadde du lyst til å bli ambassadør for Batterijakten?

Det verka så spennande! Og eg vil gjera ein innsats for miljøet.

Korleis blei du valgt ut?

Eg las på Miljøagentane si nettside at dei søkte etter ambassadørar. Men eg venta jo ikkje å bli valt ut, så då mamma sa ho skulle fortelje meg noko gøy blei eg så glad! Eg heldt på å le meg ihjel.

Kva gjer ein ambassadør?

Eg skal hjelpa å dela informasjon om batterijakten. Det var eg som spurte læraren min om klassen min kunne bli med i år, og då blei alle klassane på 4. trinn på Lysaker skule med. Eg har også vore med på videoinnspeling med Miljøagentane. Eg har fått veldig kjekk respons frå alle rundt meg. Dei synest det er ganske kult. Mange lurer på korleis eg blei ambassadør.

Korleis var starten?

Det første oppdraget var å laga batterikunst. Vi tenkte på klimaendringane, så vi laga eit bilete av ei jente som held ein paraply med regndropar laga av batteri. Vi skal også laga ein plakat med ein miljøbodskap, og så skal vi teikna og laga ein teknologisk ting som kan hjelpa miljøet.

Artikkelen held fram under bilete.

Foto: Privat

Korleis har innsamlinga vore så langt?

Eg og to venninner samla inn 18 kilo på berre ein dag heilt i byrjinga. Vi tok på munnbind og gjekk frå hus til hus i gata der eg bur. Vi brukte antibac etter kvart hus og heldt avstand. Akkurat no ledar A-klassen over B-klassen. Vi konkurrerer litt mot kvarandre også.

Har du gode tips til andre batterijegerar der ute?

Viss du bur i eit hus med fleire leilighetar, kan du setja opp ein lapp ved oppslagstavla der du ber om brukte batteri. Set ei bøtte under der dei som bur der kan leggja batteria.

Hugs å ta på plasthanskar når du hentar batteria, hald avstad til folk og bruk antibac på hendene.

Kva gjer du med batteri du samlar inn?

Vi har spesielle posar vi legg dei i. Læraren har sett opp ei øskje i klasserommet som vi puttar dei oppi. Så tek læraren batteria med til gjenvinning eller til Clas Ohlson. Så veg dei batteria der.

Håpar du på siger i konkurransen?

Ja, men sjølv om vi ikkje vinn har vi gjort ein stor skilnad for miljøet.