Denne klassa er vinnarar av Batterijakten 2021

4A på Lyngstad og Vevang skule, i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal stakk av med premien på 30.000 kroner i årets batterijakt.

Hannah (9), Alina (9) og Filip (9) kunne knapt tru det var sant då ordføraren kom på skulebesøk for å gratulere med sigeren i konkurransen. Elevane visste ikkje noko på førehand – så det vart ei stor overrasking då klasserommet plutseleg var pynta til fest.

– Det vart den beste dagen på skulen, for å seie det slik! Eg fekk heilt sjokk, seier Filip.

– Ja, vi fekk feira med kake, potetgull, brus, confetti, ballongar og flagg, fortel Hannah. 

Foto:

Ingen av dei tre hadde venta å vinne.

– Det var ganske rart. Vi hadde i grunn ikkje tenkt at det var mogleg å vinne. Men det var veldig artig å samle inn så mange brukte batteri, fortel Hannah.

1151 kilo batteri

Saman klarte klassen å samle inn imponerande 1151 kilo brukte batteri.

– Ordføraren sa vi var veldig flinke til å samle inn batteri. Ho var stolt av oss, og sa at det vi har gjort er veldig viktig for miljøet, fortel Hannah.

– Ja, det var kult å vinne dette. Vi har levert alle batteria til miljøstasjonen, seier Alina. 

No skal klassen finne ut kva dei skal bruke pengane på.

– Mange i klassen har eit ønskje om å bruke pengane til klassetur, men det er ikkje heilt bestemt endå, fortel Alina.

– Vi vil diskutere dette på eit foreldremøte, før vi bestemmer oss for kva pengane skal gå til. Det har også vore eit ønskje frå elevane å bruke dei på ein karusell i skulegarden, fortel lærar Anita Silnes Lyngstad.

– Ja, vi hadde ein som blei øydelagt, så det hadde vore kjekt for alle på skulen med ein ny, seier Filip.

Ny rekord

Dei siste vekene har 16.000 fjerdeklassingar vore med på Batterijakten. Saman har dei knust alle tidlegare rekordar og samla heile 124 tonn brukte batteri til gjenvinning.