– Gamle batteri i naturen kan sprenga og laga skogbrann

Batterijakten 2021 er i gang. Møt brødrene Even (9) og Daniel (10) som er ambassadørar for årets Batterijakt.

Namn: Even (9) og Daniel Svedal Jensen (10)

Er brødre og har vore miljøagentar sidan 2018 og 2020

Bur i Hommelvik

Korleis blei de ambassadørar?

Even: – Silje Rodal i Miljøagentane sitt lokalag i Målvik la ei melding ut på Facebook om at dei søkte etter ambassadørar til Batterijakten. Ho tipsa mamma om at vi burde vera med.

Kvifor hadde de lyst til å bli ambassadørar for Batterijakten?

Daniel: – Eg synest det verka gøy og tenkte eg kunne gjera ein god jobb. Miljøet er viktig for meg fordi vi må hjelpa verda om ho skal vara lenge, lenge.

Even: – Det var ein spennande sjanse. Men eg vart litt flau då vi skulle laga ein film med Stian Sandø frå Newton. Eg tenke ikkje over at filmen skulle komma på Supernytt! Men det var både gøy og spennande å møta Stian.

Korleis har den fyrste delen av batterijakta vore?

Daniel: – Bra! Eg synest ikkje batteri skal hamna i naturen. Dei kan ta fyr viss dei blir liggjande i sola eller i skogen. Dei kan sprenga og laga skogbrann. Dyr kan eta dei og då vil batteria etsa i magen deira. Katten vår fann eit batteri som ho tenkte var ei mus. Det var litt skummelt.

Kor mange kilo samla klassen inn den fyrste veka? 

Even: – 4. trinn på Hommelvik skule samla inn nesten 160 kilo den fyrste veka! Men då var ikkje vår pose rekna med – og vi har samla i nesten to år, så det blir bra!

Kva er dykkar beste tips til andre som vil samla inn gamle batteri?

  • Fyrst er det lurt å sjekka heile huset.
  • Sjekk om batteridrivne ting du har heima inneheld gamle batteri.
  • Viss du bur ein stad der de har ei velforeining der familien er medlemmar, kan du be foreldra dine om å høyra med dei andre i gruppa om dei har batteri dei vil bli kvitt.
  • Plukk opp alle batteri du ser i naturen og lever det så fort som mogleg til gjenvinning. Du kan levera brukte batteri same stad som du har handla batteria, eller på ein miljøstasjon.

Øvst i artikkelen kan du sjå filmen gutane laga saman med Stian Sandø frå Newton.