Miljøagentane vann Nordisk råds miljøpris

At Miljøagentane gir barn meistringskjensle gjennom moglegheita til å engasjere seg og bli høyrt i klima- og miljøspørsmål, var blant grunnane til at dei vann prisen.

Miljøagentane

Miljøagentane er barna sin eigen miljøorganisasjon, og jobbar for at alle barn som har meiningar om klima og miljø skal bli høyrt av beslutningstakarar.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Nordisk råd er eit samarbeid mellom landa i Norden. Det er Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island, Færøyane, Åland og Grønland.

Kvart år deler Nordisk råd ut ein miljøpris. I år skulle prisen gå til nokon som spreier kunnskap blant barn og unge om klima- og miljøspørsmål.

I år gjekk prisen til Miljøagentane – ein miljøvernorganisasjon for barn.

– Organisasjonen sin evne til å skape håp og tru på ei betre framtid blir sett på som svært viktig nå som mange barn og unge opplever uro og bekymringar rundt miljø- og klimautfordringar i verda, skriv juryen i grunngjevinga si.

Dei trekkjer også fram at miljøagentane når ut til mange barn og unge. Organisasjonen har 10 000 medlemmar og fleire lokallag over heile Noreg. I tillegg arbeider dei gjennom digitale kanalar som når breitt.

– Vi er stolte og glade for at det fantastiske arbeidet til dei nesten 10 000 medlemmane rundt om i heile landet blir lagt merke til. Barn skal bli høyrt, og i Miljøagentane gir vi dei ei plattform til dette, seier Signe Lindbråten frå Miljøagentane i ei pressemelding.

Her er barn og unge på ei samling for miljøagentar. Foto: Miljøagentane