Jemen
- Jemen er eit fattig land i Asia som grensar til Saudi-Arabia og Oman. Det bur om lag 40 millionar menneske der.
- Jemen har vore prega av konflikt i over hundre år. Sidan 2015 har det vore borgarkrig der.
- Hovudstaden heiter Sana.
- Offisielt språk er arabisk, og religionen islam.
- Gjennomsnittsalderen på befolkninga er svært låg, berre 18 år.
- I 2014 tok den sjiamuslimske opprørsgruppa Houthiane kontroll over hovudstaden, og det blei borgarkrig i landet.
- Landet har 112 øyer i tillegg til fastlandet.
Kjelde: SNL
På søndag samla den norske TV-aksjonen inn 251 millionar kroner. I år gjekk pengane til den velgjerande organisasjonen NRC Flyktninghjelpen, som hjelper folk i førti ulike land, inkludert Jemen.
Ifølgje organisasjonen er nesten fem millionar menneske internt fordrivne i Jemen. Det vil seia at dei har flykta frå der dei budde, men framleis er i landet.
Eit liv på flukt
Mange av barna har levd heile livet sitt på flukt. Det vil seia at dei har vakse opp i eit telt i ein flyktningleir. Det har også mange av dei vaksne. Over 200.000 av desse menneska har no måtta flykta på nytt for å ikkje bli skada eller drepne i krigshandlingane som føregår.

I tillegg til krig og uro har det også den siste tida vore store flaumar som har gjort at folk har mista husa sine, eller står i fare for å gjera det.
Underernæring
Ifølgje Unicef.no lir 2,2 millionar barn i Jemen av akutt underernæring. Det betyr at dei ikkje har nok mat. For barn er dette spesielt alvorleg fordi dei skal veksa og utvikla seg. Om kroppen ikkje får nok mat så blir han fort sjuk.
NRC Flyktninghjelpen definerer situasjonen i Jemen som ei gløymd flyktningkrise og oppmodar verda til å gje meir pengar så snart som råd.




















