Blekkspruten har tre hjarte

Det høyrest ut som noko frå ein science fiction-film. Men for blekkspruten er det heilt vanleg å ha tre hjarte.

Blekkspruten har to hjarte som berre har éin jobb: Dei pumpar blod gjennom gjellene slik at blodet kan ta opp oksygen. Gjeller er det dyra bruker for å henta oksygen frå vatnet, på same måten som me bruker lungene til å henta oksygen frå lufta.

Når blodet har fått oksygen, tek det tredje hjartet over. Det sender blodet vidare rundt i heile kroppen. På den måten får både armane, auga og hjernen det dei treng.

Å symja kostar mykje energi for ein blekksprut. Difor kryp mange av dei heller langs havbotnen enn å symja lange strekningar.

Blodet er blått

Det er ikkje berre hjarta som er annleis. Blodet til blekkspruten er blått!

Hos oss menneske er blodet raudt fordi det inneheld jern. Hos blekkspruten inneheld blodet eit stoff med kopar. Det gjer blodet blått og fungerer ekstra godt i kaldt vatn med lite oksygen.

Blekkspruten er full av løysingar som har utvikla seg gjennom millionar av år. Difor er han òg eitt av dei dyra forskarane er aller mest fascinerte av.

Kjelder: National Geographic, Store norske leksikon