I ei pressemelding gjer regjeringa det klart kva sosiale medium-plattformer dei vil at ei 16-årsgrense skal gjelde. Her kjem det også fram at aldersgrensa skal gjelde enkelte spel.
– Det finst enkelte spelplattformer i dag som er litt maskerte som eit spel, men som eigentleg er fulle av funksjonar som algoritmestyring og ulovleg marknadsføring mot barn, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) til NRK.
Ifølgje regjeringa vil mellom anna TikTok, Snapchat og Roblox få 16-årsgrense, slik plattformene er forma ut i dag. Aldersgrensa kan også kome til å gjelde YouTube.
At det er 16-års aldersgrense på ei plattform, vil seie at du ikkje kan bruke ho før 1. januar det året du fyller 16 år. Det er selskapa som eig plattformene som vil bli ansvarlege for å sikre at aldersgrensa blir følgt.
Lova skal etter planen tre i kraft ein gong neste år.






















