Denne klassen vann Batterijakta i år

Over 19.000 fjerdeklassingar har delteke i årets batterijakt. Det vart sett ny rektor for innsamlinga av gamle batteri.

Til saman har deltakarane i år samla inn over 138 tonn brukte batteri til gjenvinning, og har med det sett innsamlingsrekord.

Batterijakta er ein landsdekkjande skulekonkurranse, der elevane samlar inn brukte batteri til gjenvinning.

Miljøagentane har arrangert Batterijakta kvart år sidan 2013, i samarbeid med Clas Ohlson, VARTA og Batteriretur.

– Me ser at dette er ein kampanje som verkeleg engasjerer barna. Elevane har vore høgt og lågt på jakt, og nokon har tømt heile nærmiljøet for brukte batteri. Fjerdeklassingane i landet har vist at miljø er noko som opptek dei, seier Ingvild Swane, prosjektleiar i Miljøagentene i ei pressemelding.

Batteri som miljøproblem

Brukte batteri som ikkje blir leverte rett, er eit miljøproblem. Batteri kan nemleg innehalda giftige stoff som kan gjera stor skade på natur dersom dei kjem på avvegar. Dessutan inneheld batteri viktige råstoff som er ressurskrevjande å vinna ut.

4B ved Karlshus skule i Råde gjekk heilt til topps og vinn hovudpremien, som er på 20.000 kroner. Andre- og tredjeplass går til 4.trinn på Eidsvåg barne- og ungdomsskule og 4A på Salangen skule.

I tillegg vinn klassen som har samla inn flest kilo per elev i fylket sitt, ein premie på 3000 kroner.

– Klassane står fritt til å disponera pengane sjølv, men me oppmodar til å bruka premiane på noko miljøvennleg som kjem heile klassen til gode, avsluttar prosjektleiar Ingvild Swane.