August og Martin lagar mat på TikTok

«Kan de laga noko ein 12-åring kan laga etter skulen?» og «Kan de laga noko eg kan ha med i sekken?» er typiske eksempel på starten av videoane til TikTok-brukaren August og Martin.

Mange kjenner igjen videoane til August Borgås og Martin Bryn frå den nesten faste introen der dei lager oppskrifter på førespurnad frå publikum. TikTok-duoen meiner det er nok av folk som kjem med råd om kosthald på sosiale media. Det var ikkje det dei ville gjera. 

– Det er nok av folk som lager om kosthald. Me ville laga mat som inspirerer, og vera med å spreia vår eiga matglede, kanskje inspirera folk til å prøva sjølv, seier August.


Les også: Robert (18) vann MasterChef: Her er hans beste råd for unge kokkespirer


Prøver å nå alle

FAVORITT: Duoen har laga oreokake fleire gongar på kanalen sin. Foto: Privat

Dei to møtte kvarandre som studentar og vart raskt gode vener. Interessa for matlaging var ein av grunnane til at dei blei så gode vener. Ingen av dei har gått på skule for å læra seg matkunsten, men fekk opp auga for kokkelering gjennom YouTube-videoar. 

På TikTok gjeld det å finne seg eit bestemt publikum, eller ei nisje, men August og Martin vil ikkje det.

– Me lager videoar som me synst er kjekke sjølv, ein del av det er å laga mykje ulikt, fortel Martin.

Mangfaldet av oppskrifter har gjort publikummet til August og Martin minst like mangfaldig, det er dei veldig takksame for. 

– Me lager videoar for alle målgrupper, middagsrettar er gjerne meir aktuelle for vaksne medan snacks og raske oppskrifter ofte treff dei yngre betre, seier August. 

@augustogmartin Replying to @Yaqob Reklame for @Hackn’Snacks og Opplysningskontoret for frukt og grønt – Sommersalat med jordbær Sommeren er her og de norske grønnsakene er sprekkeklare for en nydelig sommersalat! dette trenger du: 1 pose blandet salat 1 blokk fetaost (200g) 2 redikker 10 jordbær 10 norske cherrytomater 2 ss gresskarkjerner Extra virgin olivenolje til topping Balsamicosirup til topping Slik gjør du: 1. Ha salatblandingen på et serveringsfat. 2. Smuldre fetaosten over salaten. 3. Skjær reddiken i skiver, jordbærene i fire og fordel de på fatet. 4. Strø over gresskarkjernene. 5. topp med olivenolje og balsamico. Nyt som en forrett, tilbehør til lyst kjøtt eller bare spis den som den er! . . Sjekk linken på profilen vår for oppskrift 😀 . . . . #hacknsnacks #augustogmartin #aogm #sommer #sommermat ♬ original sound – August & Martin

Start smått

Duoen har gode tips til dei som vil prøva seg på matlaging.

– Ikkje tving deg sjølv til å laga mat som du ikkje har lyst på sjølv, då blir det ikkje gøy. Begynn med noko du sjølv har lyst til å ete, og som du har lyst til å læra deg å laga, seier Martin.

– Min fyrste hæ-augneblink i matlaging var då eg fann ut at det gjekk an å laga butter chicken heime. Det hadde eg alltid tenkt på som restaurantmat, men med litt øving kan ein laga det sjølv, fortel August. 

– Og hugs at du ikkje treng å begynna med noko vanskeleg, du kan laga mykje godt utan å bruka varme, legg Martin til. 

August og Martin har òg gjeve ut si eiga kokebok. I Skolemat! legg dei fram ei femti oppskrifter som dei seier både er gode og faktisk mogelege å laga sjølv om du kjenner deg som «ein zombie om morgonen» eller «tappa for krefter når du kjem heim frå skulen».

MAT TIL FOLKET: August og Martin fokuserer på mat som alle kan læra seg å laga, som til dømes eit smørbrød. Foto: Privat

Les også: Ingeborg (10): – Eg elskar å smaka på nye ting!