Ingeborg (10): – Eg elskar å smaka på nye ting!

Både Ingeborg, Julie, Kristoffer og Jonas har foreldre som ber dei smaka på maten fleire gongar dersom dei ikkje likar det dei får servert.

Jonas Naustdal Aase (9)

Jonas Naustdal Aase (9), foto: Janne Nerheim

Eg likar ikkje alltid å smaka på ny mat. I fjor kjøpte mamma ei ny kokebok, og det gjekk greitt å prøva nye ting då. Foreldra mine ber meg alltid smaka på mat fleire gongar.

Eg har vent meg til mat eg ikkje likte så godt første gongen og eg er ikkje så kresen. Eg likar best maten pappa lagar. Han tar i akkurat passe av alle ingrediensane. Aller best likar eg torsk og potetstappa med smelta smør på. Og biff! Fiskesuppa likar eg aller minst av alt.

Kristoffer Jeger Midtlid (9)

Kristoffer Jeger Midtlid (9), foto: Janne Nerheim

Eg er ikkje så glad i å smaka nye ting. Det meste nye eg må smaka på er nemleg grønsaker. Mine foreldre seier eg må smaka på alt fleire gongar, men eg kan ikkje sei eg har likt noko betre etter kvart som eg har smakt på det.

Eg er nok litt kresen – for eg likar å ete det same igjen og igjen. Eg blir glad når eg får pannekaker med syltetøy og av og til sirup! Og eg blir ikkje glad om eg får blomkålsuppa.

Ingeborg Sumstad Øen (10)

Ingeborg Sumstad Øen (10), foto Janne Nerheim

Eg elskar å smaka på nye ting! Eg likar det meste. Foreldra mine seier det er viktig å smaka på mat fleire gongar. Eg synest det er gøy at dei lagar ny mat som eg og systera mi får smaka på.

Men, det er ein ting eg ikkje likar: Fiskesuppe! Og så likar eg aller best laks og biff Wellington. Og gulrøter!

Julie Smoge Tufteland (10)

Om eg likar å smaka på ny mat eller ikkje, kjem an på om det ser godt ut. Viss den ikkje ser god ut, må eg smaka fleire gongar for å bli van med den. Eg er ikkje kresen.

Men, viss eg får kyllingsuppe et eg berre kyllingen. Eg likar ikkje resten av suppa. Og viss eg får fiskesuppe, kyllingvinger eller hamburgar med pommes frites, et eg alt – for det er det beste eg veit!