Fordøying
Fordøying er alt som skjer med maten frå han går inn i munnen til han kjem ut av endetarmen som bæsj.
Kjelde: Vesle norske leksikon
Alt startar når du ser og luktar på maten. Då begynner munnen å lage spytt. Når du tygg, kjem det endå meir.
Vi tygg for å dele maten opp i mindre bitar og for å blande han med spyttet vi produserer. I spyttet er det nemleg enzym. Enzym er stoff som gjer at maten blir brote ned til mindre delar.
– Kor mykje eller lite vi tygg påverkar fordøyinga. Det er lurt å bruke litt tid på å tygge maten, så det blir lettare for kroppen å ta opp næringa frå han, seier Ida, som forskar på korleis maten påverkar tarmen og helsa vår.

Gjennom matrøyret og ned i magesekken
Når vi svelgjer maten, glir han ned gjennom matrøyret. Dette røyret går frå munnen til magesekken og er omtrent 25 centimeter langt hos vaksne.
Musklar i matrøyret klemmer maten nedover. Mellom matrøyret og magesekken er det ei slags dør kalla magemunnen. Døra slepper maten inn.
– Sjølv om du står på hovudet etter at du har ete, gjer døra at maten ikkje sklir inn i matrøyret igjen, fortel Ida.

Elting i magesekken
I magesekken blir maten blanda med magesaft. Denne safta er svært sur. Den sure magesafta hjelper til med å bryte ned maten.
Eit enzym som heiter pepsin, startar også arbeidet med å dele opp protein i maten. Protein er eit næringsstoff som finst i matvarer som kjøt, fisk og bønner. Kroppen treng protein for å vekse og byggje musklar.
Samstundes som magesyra og enzym jobbar med å dele maten opp i mindre bitar, knar musklane i magesekken alt godt saman.
Hos vaksne rommar magesekken vanlegvis 1–1,5 liter. Maten blir verande i magesekken i omtrent to til fire timar.

Tynntarmen: Næringa blir henta ut
Nedst i magesekken sit mageporten. Her blir innhaldet frå magesekken sleppt ut i tynntarmen. Hos vaksne er denne tarmen omtrent fem meter lang.
I tynntarmen blir maten brote vidare ned ved hjelp av fleire viktige stoff. Desse blir tilførte i den første delen av tynntarmen, som heiter tolvfingertarmen.

Galle frå galleblæra hjelper til med å fordele feittet i maten i små bitar, slik at enzym lettare kan bryte det ned. Feitt er eit næringsstoff vi mellom anna finn i laks, olje, nøtter og avokado. Feitt er ei viktig energikjelde.
Bukspytt frå bukspyttkjertelen inneheld ulike typar enzym som bryt ned både feitt, protein og karbohydrat til mindre delar. Karbohydrat er næringsstoff som gir kroppen energi til å vere i aktivitet og fungere som han skal. Karbohydrat finst til dømes i ris, potet og frukt.
Grunnen til at maten må delast så godt opp, er at næringsstoffa skal bli små nok til å kunne takast opp i kroppen.
– Innsida av tynntarmen er nemleg dekt av millionar av små utvekstar som heiter tarmtottar. Dei liknar bitte små fingre, forklarer Ida
Gjennom tarmtottane blir næringsstoffa tekne opp og frakta vidare til cellene i kroppen via blodårer og lymfeårer – små røyr i kroppen som fraktar væske. Slik får vi energi til å leike og springe, tenkje og lære, og vekse og halde oss friske.

Bakteriefest i tjukktarmen
Det meste av næringa i maten er no teke opp, men reisa er ikkje heilt ferdig. Frå tynntarmen går maten vidare til tjukktarmen. Tjukktarmen er mellom 1 og 1,5 meter, men samstundes tjukkare enn tynntarmen. Her blir noko av vatnet frå maten teke opp i kroppen, så innhaldet blir fastare.
I tjukktarmen bur det fleire billionar bakteriar. Det høyrest kanskje ikkje heilt bra ut, men sanninga er at mange av desse bakteriane er gode hjelparar som er viktige for helsa vår.
– Om vi skulle få i oss bakteriar som er farlege, er bakteriane i tjukktarmen med på å beskytte oss, forklarer Ida.

For at tarmbakteriane skal fungere best mogleg, er det viktig å ete forskjellig og sunn mat. Bakteriane et nemleg mellom anna fiber frå maten vår. Fiber finst i plantebasert mat som frukt, grønsaker og grove kornprodukt som grovt brød.
Når bakteriane et fiber, lagar dei mellom anna gass. Det er gass i tjukktarmen som gjer at vi prompar.
– Når du prompar, kan du seie: «Det var tarmbakteriane, og ikkje meg», ler Ida.
Siste stopp: Bæsjen
Det som er att av maten og som kroppen ikkje har nytte av, blir til slutt avføring – eller bæsj.
Grunnen til at bæsjen ser ut som han gjer og ikkje liknar maten slik han var da vi åt han, er alle prosessane han har vore gjennom på reisa i kroppen. Brunfarga kjem mellom anna av galle.
Frå vi puttar maten i munnen til restane kjem ut att i do, tek det mellom eitt og tre døgn. Men dette varierer frå person til person og ettersom kva du har ete.
Fordøyinga skjer heile tida, også når du søv, les ei bok eller spelar fotball.
Neste gong magen rumlar eller du kjenner du må på do, kan du tenkje på alt som skjer inne i kroppen. Ei heilt vanleg brødskive har vore på ei utruleg reise!






















