Robert (18) vann MasterChef: Her er hans beste råd for unge kokkespirer

Robert Omarsson (18) stakk av med sigeren i årets sesong av MasterChef Unge Talenter. Han rår deg til å føla deg fram viss du vil bli god til å laga mat.

Robert fann matgleda i mat og helsefaget på ungdomsskulen

– Det var liksom det einaste faget eg gleda meg til, det var alltid veldig gøy, fortel han.

Valet om linje på vidaregåande blei ganske lett.

– Eg visste ikkje heilt kva eg ville gjera, men så var eg jo glad i matlaging, så då blei det restaurant- og matfag på vidaregåande.

– Det var eit godt val, har aldri angra på det, seier han med ein liten latter.

FAMILIE: Robert klemmer litlesøster Emma når han får vita at han er vinnaren av MasterChef Unge Talenter. Foto: Ellen Aabol / Viaplay

TV-debuten

MasterChef Unge Talenter er ein matlagingskonkurranse som har gått på Viaplay dei siste månadane. I ti episodar konkurrerer unge kokkespirer om å vera best på eit mangfald av rettar og teknikkar. Det var ikkje berre sjølve konkurransen som skulle bli vanskeleg. Å i det heile komme seg til 1. episode beskriv 18-åringen som ei intens oppleving.

– Me måtte gjennom fleire rundar fordi det var fleire tusen påmelde. Audition var spesielt vanskeleg, men eg kom meg jo gjennom, fortel han.

Robert blei ein av 12 utvalde deltakarar til TV-programmet. 

Gode vener

Sjølv om dei 12 deltakarane kjempa mot kvarandre om 1.-plassen, var miljøet kjempegodt. 

– Fellesskapet var heilt fantastisk, alle deltakarane blei gode vener og me var med kvarandre både under og utanfor innspeling, fortel han.

GODT MILJØ: Finalistane Felix Nicolai Fabricius Bye og Ida Andersson gratulerer Robert med sigeren. Foto: Ellen Aabol / Viaplay

Føl deg fram

– Om du har lyst til å læra deg å laga god mat må du berre prøva deg fram. Les kokebøker, sjå videoar og prøv å forstå korleis matlaging fungerer, då kjem du langt, meiner Robert. 

Han meiner det viktigaste er øving og å stille spørsmål.

– Ingenting blir perfekt fyrste gong du lager det, alle bommar til tider, då er det berre å prøve å finne ut kva som gjekk gale og gjera eit nytt forsøk, meiner han.

Han har ingen favorittrett å laga, men synest fisk er veldig spennande.

– Det er gøy å jobba med fisk frå start til slutt, eg er glad i filetering og synst det er spennande å utforska ulike måtar å laga det på, fortel han.

– Og så smakar det veldig godt.

I finalen laga han ein lakserett som gjestedommar Eyvind Hellstrøm kalla perfekt

Foto: Ellen Aabol / Viaplay

varmebehandla og veldig harmonisk.

Vil læra meir

Etter TV-opplevinga har Robert blitt enno meir motivert til å halda fram med læringa.

– Eg har lyst til å jobba vidare med ferdigheitene mine, det er alltid meir å læra seg, seier han.