Frå kakaofrukt til sjokoladeplate: Bli med inn på Freia-fabrikken

På Freia sjokoladefabrikk blir det produsert omlag 23 000 tonn sjokolade i året. Men korleis blir eigentleg sjokolade laga?

Artig fakta

Dersom det hadde vore full drift på Freia-sjokoladefabrikk kvar dag, ville det bli produsert så mange mjølkesjokoladeplater at ein kunne kome seg frå Noreg til Australia ved å leggje dei etter kvarandre. 

Det er rett noko ikkje full drift kvar dag på grunn av helger, vedlikehald og feriar. I tillegg blir det også laga andre produkt med dei maskinene som lagar mjølkesjokoladeplater.

Kjelde: Øyvind Olufsen, kommunikasjonssjef i Mondelēz International

LES FAKTALUKK FAKTA

Det heile startar faktisk i Vest-Afrika, Danmark og Trøndelag.

For å lage sjokolade på Freia sin fabrikk i Oslo, treng dei nemleg fire hovudingrediensar: Kakaomasse, kakaosmør, sukker og mjølk.

Kakao

Freia får kakaoen sin mellom anna frå landa Elfenbeinskysten og Ghana i Vest-Afrika. Her dyrkar millionar av bønder kakaotre.

På trea veks store frukter som kan bli rundt 20 centimeter lange. Inni fruktene er det omtrent 50–75 frø. Desse frøa blir kalla kakaobønner.

Frukta som veks på kakaotre (til venstre). Kakaobønner framleis inne i fruktkjøt (til høgre). Foto: Pexels

Kakaobønnene kan rett nok ikkje sendast rett til sjokoladefabrikken og bli til sjokolade.

Bønnene må først gjærast og tørkast. Dette gjer at kakobønnene får den mørke farga og smaken vi forbind med kakao.

Tørka kakaobønner. Foto: Pexels

Nokre bønner blir malne til kakaomasse – ei flytande, tynn masse. Av andre bønner blir det laga kakaosmør. Dette blir gjort ved å presse feittet ut av bønnene.

Sukker

Sukker kan lagast av to forskjellige plantar: sukkerrøyr og sukkerroer. Medan sukkerrøyr nærast ser ut som store strå og veks oppå bakken, ser sukkerroer ut som røter og veks nede i jorda.

For å lage sukker av sukkerrøyr blir røyrene knuste og safta frå dei blir pressa ut. Safta blir så kokt til det berre er igjen sukkerkrystallar.

Til høgre ser vi sukkerrøyr. Til venstre ser vi sukkerroe. Det blir laga sukker av begge desse vekstane. Foto: Victoria Priessnitz / Unsplash, Pexels

Sukkerroene blir kutta opp i bitar og lagt i varmt vatn. Da blir sukkeret trekt ut. Også dette vatnet blir kokt til det berre er igjen sukkerkrystallar.

Medan sukkerrøyr først og fremst blir produsert i tropiske land som Brasil og India, blir sukkerroer dyrka i land med kaldare klima, som Tyskland og Danmark. Freia får i all hovudsak sukkeret sitt frå Danmark.

Mjølk frå 5000 kyr

All mjølka som blir brukt i Freia-sjokoladen, er norsk. Freia bruker så mykje mjølk at det kvart år går med omtrent like mykje som 5000 mjølkekyr produserer.

Det er bønder i Trøndelag som leverer mjølk til Freia. Men før mjølka kjem til sjokoladefabrikken, blir ho gjort om til tørrmjølk. Det skjer ved at vatnet blir fjerna frå mjølka. Då sit ein att med eit tørt pulver.

Ei ku blir mjølka (til venstre). Tørrmjølk (til høgre). Illustrasjonsfoto: Pexels

15 enorme tankar med sjokolade

På Rodeløkka midt i Oslo kan ein høyre trikken som skranglar i det fjerne, samstundes som at ei søt sjokoladelukt kjem sivande mellom bygardane. Lukta kjem frå nokre store, raude murhus: Freia sjokoladefabrikk.

Hit blir dei fire råvarene frakta: kakaomasse, kakaosmør, sukker og tørrmjøl. I kjellaren blir ingrediensane blanda saman etter ei nøye oppskrift. Blandinga blir varma opp og elta saman til sjokolademasse.

Denne eltinga skjer i 15 tankar som kvar rommar 30 tonn sjokolademasse.

Hemmelegheita bak sjokoladen

Nokre etasjar opp frå kjellaren bråkar det. Det susar, turar og bankar frå maskiner som jobbar på for å lage ulike sjokoladeprodukt.

Sjokolademassen blir frakta hit opp i røyrsystem frå kjellaren. No blir massen avkjølt til ein nøye bestemt temperatur. Dette heiter temperering.

– Akkurat kva temperaturen er, er hemmeleg, smiler planleggings- og logistikksjef Børre.

Børre Amold har jobba på Freia sidan 90-talet. Han var 18 år då han starta. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Det er nemleg denne temperaturen Freia meiner gjer sjokoladen deira heilt spesiell.

– Om du kjøper sjokolade som ikkje er blank, men meir gråaktig er det noko som har gått gale i tempereringsprosessen, seier Børre.

Sjokoladen tek form

Når sjokolademassen er temperert, blir ho støypt i formar. Ei maskin sprøyter akkurat passe mykje sjokolademasse i kvar form.

Formene som er fylte med 200 gram sjokolademasse og skal bli til mjølkesjokoladeplater, går vidare på eit samleband og blir rista. Eit samleband er eit langt band som blir brukt i fabrikkar, for å frakte ting frå ein stasjon eller maskin til den neste.

Akkurat på dette bildet ser ein at smilsjokolade blir støypt. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Formene blir rista så sjokolademassen fordeler seg jamt og luftbobler forsvinn.

Etterpå går formene inn i store kjøleskap der sjokoladen raskt blir avkjølt og stivnar.

Sjokoladeplateformane før risting (til venstre) og etter risting (til høgre). Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

All sjokolade blir brukt

– Bank, bank, bank!

Ei rytmisk hamring varslar om at sjokoladeplatene blir tekne ut av formene. Det er nemleg hamrar som bankar dei ut.

Her ser du hamrane som bankar sjokoladeplatene ut av formene. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Medan dei fleste overlever den brutale behandlinga, er det nokre som knekkjer. Desse sjokoladeplatene blir kalla retur og blir smelta om att og støypt på nytt.

Det hender at sjokolade kan gå bakken eller ikkje kan brukast av andre grunnar. Sjølv om denne sjokoladen ikkje kan pakkast og seljast, blir han likevel nytta.

– Denne sjokoladen blir brukt til dyrefôr, til for eksempel gris, fortel Børre.

Mjølkesjokoladeplater som skal gjennom ei røntgenmaskin, før dei er klare for pakking. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

400 plater i minuttet

Før sjokoladeplatene blir pakka, går dei gjennom ei røntgenmaskin. Då får fabrikken kontrollert at sjokoladen ikkje inneheld noko som ikkje skal vere der.

No er sjokoladeplatene klare til å bli sendt gjennom pakkemaskina.

Her ser du ei av røntgenmaskinene sjokoladeprodukta må gjennom før pakking. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Her blir det pakka 400 sjokoladeplater i minuttet, seier skiftleiar Madelen.

Materialet som sjokoladeplatene blir pakka i, kjem på store rullar. Desse rullane er nesten ein kilometer lange og kan pakke inn 5000 sjokoladeplater, før dei må skiftast.

Slik ser det ut når sjokoladeplater blir pakka. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Klare for avreise

Når platene er pakka, blir dei lagde i pappesker. Ein robot samlar saman og plukkar opp 17 plater, og plasserer dei i ei eske, før ei anna maskin set på lokk.

Robot pakkar sjokoladeplater. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Eskene blir sende vidare og stabla på pallar. Også dette arbeidet blir gjort av robotar.

No er sjokoladen klar til å bli lasta på lastebilar for å fraktast kringom butikkar i Noreg.

Her stablar ein robot ekser med sjokoladeplater på pallar. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Store mengder

Alle stega og maskinene sjokoladen er gjennom – frå støyping til stabling på pallar – blir kalla ei line. Freia-fabrikken har fleire slike liner som nesten alltid lagar sjokoladeprodukt.

Når det er full drift i fabrikken, kan det bli produsert 75 tonn mjølkesjokoladeplater på eitt døgn.

Kvart år blir det laga 60 millionar Kvikklunsj-plater. Til saman blir det produsert over éin milliard Non Stop og M i året.

Pappesker fulle av sjokolade blir frakta til stabling på pallar. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Må ete sjokolade kvar dag

For å produsere så mykje sjokolade, skulle ein tru at det må jobbe veldig mange menneske i fabrikken. På det meste jobba det 1500 menneske her, men no er det mellom 260 og 270 tilsette. Dette er fordi at mykje av jobben no blir gjort av maskiner og robotar, og går av seg sjølv.

Her jobbar Madelen med å kontrollere at rullane med Smil-sjokolade blir pakka rett. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Det er likevel viktig at menneske passar på at alt går som det skal. Mange av dei tilsette må faktisk ete sjokolade kvar dag dei er på jobb for å sjekke at sjokoladen smakar rett.

– Eg blir aldri lei sjokolade, ler Madelen.

Madelen Tujak har jobba hos Freia i to år og elskar sjokolade. Favoritten er mjølkesjokolade med Kvikk Lunsj. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken