Sommar i sommarparkane: Hunderfossen

Framtida Junior sjekkar tempen i sommarparkane. Først ut er Hunderfossen i Lillehammer.

Me har tatt ein prat med nokre av sommarparkane i Noreg, slik at du veit kva som møter deg dersom du og familien din vel å reisa dit på ferie.

Espen S. Rønning, som er marknadssjef i parken, kan røpa at det er fleire store og små nyheiter i Hunderfossen i år.

Fleire spennande nyheiter

– Etter fleire år der me har prioritert dei største og mellomste barna, har turen i år komme til dei minste. Me byggjer ein heilt ny berg-og-dalbane der du kan vera med å fly to drakar, Fyr & Flamme. I tillegg kan du også få din eigen teiknefilm, på mobilen der du er helten i historia om Fyr og Flamme, seier han.

Dei har også ein ny leikeplass, ei oppgradert bilbane, ny minigolf og fleire andre små overraskingar på lur til dei som kjem på besøk.

«Il Tempo Extra Gigante» er ein av attraksjonane i Hunderfossen. Toppfarten er 65 km/t og turen tek om lag 1,5 minutt. Foto: Joakim Mangen

Stor interesse om billettane til sommaren

Sjølv om koronapandemien har tatt seg ein pause denne sommaren, og fleire vil reisa på ferie til utlandet, trur Rønning på gode besøkstal.

– Me har hatt veldig bra besøk til no, og det er stor interesse om billettane til sommaren. Eg vil vel tru at ein del skal på ferie til Danmark, Sverige og Syden, men så vil nok kanskje dei fleste velja det trygge alternativet med bilferie i Noreg, seier han.

Hunderfossen beskriv «Hunderfossen Klatrepark» som ein morosam, trygg og utfordrande oppleving for både store og små. Foto: Joakim Mangen

– Hunderfossen slo Disneyland

Og lurer du på kva som er marknadssjefen sin personlege favoritt-attraksjon i parken?

Han kan røpa at det står mellom den nye berg-og-dalbanen Fyr & Flamme eller fjorårets nyheit Reodor Felgens Hyperakselerator. Sistnemnde vart kåra til den beste attraksjonen i verda, av den internasjonale organisasjonen for underhaldningsparkar.

– Tenk, Hunderfossen slo Disneyland i ein konkurranse om å bygga den kulaste attraksjonen, seier Rønningen.