Noah (15) er første skodespelar med Downs syndrom i ei stor Disney-rolle

Britiske Noah Matthews Matofsky (15) har ei sentral rolle i storfilmen Peter Pan & Wendy.

Britiske Noah Matthews Matofsky (15) sende inn ein audition-video då han høyrde at produksjonsselskapet søkte skodespelarar til Disney si nyinnspeling av klassikaren Peter Pan.

Storfilmen Peter Pan & Wendy har premiere 28. april på Disney+ og har ei meir mangfaldig rolleliste enn animasjonsfilmen frå 1953.

– Ei fantastisk oppleving

Noah Matthews Matofsky (15) speler Slightly, leiaren for den ville gutegjengen som vert kalla Lost boys.

15-åringen fortel til avisa The Sun om den seks månader lange innspelinga i Vancouver og Newfoundland.

– Det var ei fantastisk oppleving, eg hadde mi eiga husvogn og fekk mange fantastiske vener, fortel 15-åringen.

Høgdepunkta på sett var mellom anna å gjera stunt, læra sverdfekting og då medskodespelar Jude Law hyrte inn ein iskrembil.

– Eg hadde mange replikkar å læra veldig fort, men det var spanande og eg likte det, fortel 15-åringen.

Drøymer stort

Tidlegare i år vart An Irish Goodbye-skodespelar James Martin (30) historisk som den første skodespelaren med Downs syndrom i ein Oscar-nominert film.

Noah Matthews Matofsky går på teater og drøymer om å studera det vidare, og dessutan å vera eit førebilete for andre med eit ekstra kromosom.

– Du kan gjera kva som helst. Alltid drøym stort, er rådet frå 15-åringen.


Lily D Moore i Netflix-serien «Never Have I Ever». Foto: Netflix