Disneyland sin nye Snøkvit-attraksjon blir kritisert for å inkludera kysset frå prinsen

Fredag forrige veke gjenopna Disneyland i California attraksjonen «Snow White's Enchanted Wish». No vil anmeldarar fjerna det berømte kysset, som skjer utan samtykke. Dette har ført til diskusjonar i sosiale medium.

Attraksjonen som er basert på «Snøkvit og dei sju dvergane», skal ta dei besøkjande med på ein ferd gjennom Snøkvit si verd.

Dei besøkjande sit i ei togvogn som tek dei med på prinsessa sitt forsøk på å rømma frå Den onde dronninga. Attraksjonen endar som i filmen med at Snøkvit døyr og blir vekt til live av eit magisk kyss frå prinsen, skriv TV 2.

– Start reisa di i hytta til Dei sju dvergane og bli med på besøk til grotta som er fylt av glinsande og glødande edelsteinar. Turen går vidare til dronninga sitt trolldomskammer, der du vil oppdaga eit magisk speil og at Snøkvit bit i det forgifta eplet, skriv Disneyland om attraksjonen på nettstaden sin.

Diskusjonar i sosiale medium

Avslutninga på attraksjonen får to anmeldarar i San Fransisco Chronicle til å reagera. Mellom anna skriv dei at det ikkje er ok å læra born at å kyssa, når ikkje begge partar har godtatt at det er noko dei ønskjer.

– Har me ikkje allereie blitt enige om at samtykke i tidlegare Disney-filmar er eit stort problem, skriv dei.

Dette har ført til diskusjonar i sosiale medium, der mange rasar mot anmeldarane. Ein brukar skriv mellom anna:

– Prinsen kyssa ho ikkje med ondskapsfull hensikt, men for å redda livet hennar. Så dumt.

Her kan du sjå den gjenopna attraksjonen: